Kva er følgjekort?
Følgjekort er beregna på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for bistand for å kunna delta på arrangement.
Følgjekort vil blant anna vera aktuelt for personar med ulike funksjonsnedsetjingar som ikkje kan delta på aktivitetar åleine.
Slik søkjer du:
Du nyttar skjemaet søknad om fylgjekort.
Kven kan få følgjekort:
Ledsagarbevis tildeles personar med funksjonsnedsetjing som er forventa vara over 2 år.
Når du søkjer om følgjekort frå Kvam herad skal du leggja ved stadfesting/dokumentasjon på funksjonsnedsetjinga di som krev at du må ha med deg følgjeperson:
- Dersom du bur i kommunal bustad og får tenester frå pleie- og omsorgstenesta i Kvam herad, kan helsepersonell laga stadfesting på funksjonsnedsetjinga di
- Har du attest som beskriv funksjonen din og som er av nyare dato ( siste 2 år) og som er laga i samband med andre føremål, kan denne nyttast
- Døme på attestar som beskriv funksjonsnedsetjing og som kan brukast er legeattest ved søknad om parkeringsløyve, legeattest ved søknad om TT-kort og andre liknande attestar, td attest frå sykehus
- Ein attest om søknad om følgjekort må dokumentera funksjonsnedsetjinga di og behovet for følgjeperson
Høg alder er åleine ikkje nok til å kvalifisera for ordninga.
Kven kan vera følgjeperson?
Innehavar av følgjekort kan sjølv bestemma kven som kan vera følgjeperson. Personen må vera fyllt 16 år.
Kva kostar det ?
Innehavar av følgjekort kan ta med ein ledsagar utan ekstra kostnader eller til redusert pris på kultur- og fritidsarrangement og transportordningar der ordninga er akseptert. Du betalar sjølv gjeldande prisar.
Lover og reglar
Klage
For meir informasjon om klage sjå her.
Kontaktperson: Lillian Kvamsøy , kulturkontoret. 488 95 252