Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønad. Husbanken fattar vedtaka.

I Kvam herad er det Tenestekontoret som tek imot alle søknadar om bustønad, dersom du ikkje søkjer elektronisk. Søknaden får kortare behandlingstid dersom du søkjer via Husbanken sine nettsider.

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan også prøva bustøttekalkulatoren. Du kan også lesa meir om korleis du søkjer. Søknadsfristen er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20 månaden etter. Dersom du får godkjent busøtte, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste.

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Endringar melder du også via husbanken.no.

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan tre (3) veker etter at du fekk det. Sjå meir info på husbanken.no.

Meir informasjon