Startlån
Du kan få startlån dersom du har hatt langvarige problem med å få lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ein privat bank.
Kva kan du søkja om?
Du kan søkja om fullfinansiering til ein nøktern og høveleg bustad i Kvam med tanke på pris, storleik og standard.
Retningslinjer for startlån
1. Formål:
Formålet er å gi vanskelegstilte husstandar med langvarige bustadfinansieringsproblem moglegheit til å etablera seg i trygge bumiljø og bli buande i nøkterne og eigna bustader over tid.
2. Kven kan få startlån?
Startlån er for innbyggjarar som ikkje får lån i ei vanleg bank til kjøp av ein nøktern og eigna bustad, og som ikkje har mogelegheit til å spara. Startlån vert tildelt etter en behovsprøving og kommunen sitt utlån gjennom startlånsordninga er avgrensa til vedtekne rammer.
Startlån kan bli innvilga til husstandar som:
a) Er økonomisk, sosialt eller helsemessige vanskelegstilte
b) Ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære bankar
c) Blir forventa å ha langvarige problem med å finansiera eigd bustad
d) Har nytta mogelegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene søkjaren sine inntekter og nødvendige utgifter til livsopphald gir
e) Har evne til å betena lånet i heile låneperioden og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphald. Alle kriteria må være oppfylte.
Innan målgruppa for startlån vil kommunen prioritere:
Søkjarar som bur i kommunale bustader/kommunale leigekontraktar eller som fyller kriteria for kommunal bustad.
- Barnefamiliar
- Einslege forsørgjarar
- Personar med nedsett funksjonsevne
Andre kriterium:
- Søkjar må ha varig rett til opphald i Noreg (lovleg opphald) og ha norsk fødsels- og personnummer
- Søkjarar skal som hovudregel vera fylte 18 år på søknadstidspunktet
- Søkjar må være folkeregistrert i Kvam herad og ha budd i kommunen i minst eitt år før søknad om startlån. I særskilte tilfelle kan det bli gitt unntak frå kravet om opphald. Slike særlege grunnar kan vera omsynet til tilknyting til Kvam herad.
- Sjølvstendig næringsdrivande må dokumentera inntekt med likning for minimum tre år. I særskilte tilfelle og dersom søkjar har jamn inntekt, kan dokumentasjonskravet bli sett til minimum to år.
- Inntektspotensialet i ein husstand skal i vera utnytta for å få innvilga startlån og tilskot. I særskilte tilfelle knytt til helse og/eller sosial situasjon kan det gjerast unntak.
Startlån vert ikkje innvilga dersom:
- Unge i etableringsfasen som manglar eigenkapital, er ikkje i målgruppa for startlån.
- Det blir føreset med at ein nyttar mogelegheit for å spara opp nødvendig eigenkapital og søkjer lån i vanleg bank.
- Det blir ikkje innvilga startlån til søkjarar med store og/eller uavklarte gjeldsbyrder.
- Det blir ikkje innvilga startlån til søkjarar som er i gjeldsordning.
3. Beteningsevne:
Kommunen vil vurdere kva behov husstanden har, både med omsyn til bustad og finansiering. Val av bustad og finansieringsløysing, føreset at husstanden kan bli buande i bustaden over tid. Det føreset at lånesøkjar ikkje får høgare utgifter til bustad enn det som er forsvarleg. Det betyr at lånesøkjar må klara å betena utgiftene til bustad over tid, og framleis ha naudsynte midlar igjen til vanlege levekostnader.
SIFO sine satsar for livsopphald vert lagt til grunn ved berekning av utgifter til livsopphald og beteningsevne for startlån.
- Berre fast arbeidsinntekt, varige trygdeytingar og tilleggsytingar som barnetrygd og barnebidrag vert lagt til grunn som inntekt.Overtidsbetaling, midlertidig arbeid eller midlertidige trygdeytingar som AAP, kvalifiseringsstønad eller introduksjonsstønad vert normalt ikkje lagt til grunn ved berekning av inntekt.
- Det blir gjennomført kredittsjekk før det blir innvilga Startlån
- I særskilde tilfelle kan kommunen yta tilskot til etablering saman med startlån for å realisere formålet med startlånsordninga. Sjå retningslinjer for etablering: Kvam herad - Tilskot til etablering av bustad.
4. Kva blir det lån til?
Generelt
Startlån vert gitt til kjøp eller oppføring av bustad som søkjar sjølv skal bu i. Bustaden skal være rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået i kommunen. For bustader i burettslag vil både kjøpesum og del i fellesgjeld bli lagt til grunn for vurderinga. Bustad som skal finansierast må liggja i Kvam herad. Bustaden må bli godkjent av saksbehandlar før kjøp.
Refinansiering
Startlån kan nyttast til refinansiering av lån eller anna gjeld i tilfelle der ei refinansiering er nødvendig for å forhindra at søkjar misser noverande bustad og der startlån fører til ei varig løysning. Søkjar må fylla vilkår for startlån og dei ordinære kriteria gjeld. Noverande bustad skal vere nøktern og eigna og vere i tråd med kommunens rammer for startlån. Startlånet kan ikkje overstiga verdien av bustaden. Grunnlaget for refinansiering må skuldast ei uventa endring i husstanden sin økonomiske situasjon.
Tilpassing:
I særskilde tilfelle kan startlån nyttast til å tilpassa bustaden ved funksjonsnedsetjingar eventuelt i kombinasjon med tilskot.
Utbetring:
Startlån kan bli nytta til utbetring av bustad der utbetringa er nødvendig for at søkjar skal kunna bli buande i bustaden. Dette gjeld berre enklare utbetringsarbeid. Startlån til bustader med større utbetringsbehov vert ikkje innvilga. Normalt vedlikehald og oppussing vert ikkje rekna som utbetring.
5. Låneutmåling – finansiering
Låneutmålinga vert fastsett innanfor 100 prosent av kjøpesummen eller bustaden sin verdi pluss eventuelle omkostningar. Dokumentavgift og omkostningar knytt til bustadkjøp kan takast med som ein del av startlånet. Det vert ikkje stilt krav om eigenkapital for å få startlån. Dersom søkjar har formue som overstig 50 000 kr, skal det overskytande beløpet i sin heilskap nyttast som eigenkapital ved finansiering av bustaden. Samfinansiering (startlån saman med lån frå private banker) vert innvilga berre unntaksvis.
6. Rente og avdragsvilkår
Startlån blir i hovudregel tilbydd med fast rente (5 eller 10 år) som annuitetslån med inntil 30-års nedbetalingstid. I særlege tilfelle kan kommunen innvilga inntil 50-års nedbetalingstid. Det føreset at søker har varig lav inntekt, bustaden tilfredsstiller søkjaren sine behov over lang tid, kommunen vurderer at det ikkje er økonomisk forsvarleg å gje lån med kortare nedbetalingstid. Kommunen bereknar ikkje over- og underkurs ved fortidig innfriing av fastrentelån. Det vert ikkje berekna høgare overkurs enn opphavleg hovudstol på startlånet. Kommunen har eit påslag på 0,25 prosent på gjeldande rente i Husbanken til dekning av administrative kostnader.
7. Sikkerheit for lånet
Startlån skal være sikrast med pant i den bebygde eigedomen og i hovudsak med 1. prioritets pant. Det vert ikkje innvilga lån utover 100 prosent av bustaden sin anslåtte verdi pluss omkostningar. Kausjon eller annan form for tilleggssikkerheit vert ikkje akseptert som sikkerheit for startlån. Ved samfinansiering aksepterer ein pant etter lån til grunnfinansiering. Ved refinansiering skal lånet sikrast med pant innanfor antatt marknadsverdi av bustaden.
8. Andre forhold
Sjølv om søkjar fyller kriteria for innvilging av startlån, kan søkjar få avslag dersom kommunen ikkje har tilstrekkelege startlånmidlar til disposisjon.
9. Klagetilgang
Klagefrist er tre veker frå søkjar tek imot vedtaket. Klagen bør innehalda grunngjeving for klagen og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Klagen skal sendast til bustadtenesta som har fatta vedtaket. Bustadtenesta vurderer klagen. Dersom vedtaket vert oppretthalde, så sender ein klagen til kommunen si klagenemnd for endeleg handsaming.
Startlån frå Husbanken