Kvam legevakt Legevaktsentralen i Kvam, telefon 116 117 Kan nyttast ved behov for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet om du ikkje får kontakt med fastlegekontoret. Ved alvorleg, livstruande skade eller sjukdom: ring 113. _ Kva tilbyr Kvam legevakt?Ei legevaktordning som sikrar innbyggjarane sine behov for øyeblikkeleg hjelp - tilbod heile døgnet - og er del av den allmenne beredskapen i kommunen. Kvar: Kvam legevakt er samlokalisert med Kvam ambulanse på Toloheimen i Norheimsund. Legevaktstasjonen er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt og inneheld legevaktsentral, legevaktkontor, akuttrom og laboratorium. Legevaktsentralen er bemanna med sjukepleiar frå kl 08.30 til 23.00 kvardagar Legevaktstasjonen er bemanna kl 08.00 til 23.00 kvardager og alle andre dagar. Sjukepleiar svarar telefonen og vurderer hastegrad. Korleis får du hjelp?Om du ikkje får kontakt med fastlegekontoret, kan du ved behov for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet ringja 116 117. For å unngå venting er det viktig at du ringjer først. Ut frå ei fagleg vurdering vil det som hastar mest, få koma til før det som kan venta. Du vil som oftast få tildelt ei omtrentleg tid for når du kan koma inn til legen. Slik kan du på travle dagar ta mesteparten av ventetida heime i staden for på venterommet. I opningstida på legekontora har fastlegane akuttansvar i kvar sitt "nedslagsfelt", og du møter på legekontora om du er i stand til det. Om det er behov og indikasjon for det, transporterer drosje eller ambulanse deg til legekontoret. Legen vurderer når det er behov for sjukebesøk. I akutte situasjonar (raud respons): Ring 113 Legane rykkjer ut med eigen uniformert legevaktbil, eventuelt med ambulanse Legevaktstasjonen er på Toloheimen frå 16.00 til 23.00, 08.00 til 23.00 alle andre dagar. Om natta er legevaktstasjonen lokalisert til Voss og omegn interkommunale legevakt på Voss sjukehus. Kva kostar det å få hjelp?For born under 16 år er tenesta gratis. Vaksne må betala ein eigenandel. Sist endra 20.10.2023 11:11