Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod om helsetenester for ungdom i Kvam frå 13-20 år.
Stad: Norheimsund helsestasjon, Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund.
Ope kvar torsdag frå kl 14.30 – 16.30.
På helsestasjonen møter du helsesjukepleier og lege som du kan snakke med om emne som opptek deg.
Tenesta er gratis. Me har teieplikt.
Prat gjerne med oss om:
- Korleis du har det
- Vennskap
- Identitet
- Kjærastar
- Sex
- Rus
Hos oss kan du få:
- Prevensjon
- Graviditetstest
- Test for kjønnssjukdom
Du treng ikkje bestille time på førehand.
Du kan ta kontakt med helsesjukepleiarane som arbeider på helsestasjonen:
For meir informasjon
sjå: Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste
Publisert av Torill Høyland
Sist endra 07.04.2025 10:50