Fastlege og legekontorAlle i Noreg har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Fastlegen har plikt til å prioritera personar på eigen liste.På helsenoreg.no kan du sjå kva fastlegar som har plass til fleire pasientar. Du kan velja fastlege eller byta fastlege på denne nettstaden. Du kan og ringja telefon 800 43 573 for spørsmål om fastlegeordninga.Helsenoreg.noLegekontor i KvamDet er tre offentlege og eitt privat legekontor i Kvam.Helsebanken legekontor (privat)Norheimsund legekontorStrandebarm legekontorÅlvik legekontorFastlege i annan kommune eller på ventelisteFastlegane i Kvam har ansvar for dei pasientane som står på lista til den enkelte fastlege.I tillegg har fastlegane ansvaret for øyeblikkeleg-hjelp på kvardagar i tidsrommet kl. 08.00–16.00.Dersom du har fastlege ein annan stad enn i Kvam, er det denne fastlegen du skal ta kontakt med om du har behov for legetenester.Kvam herad rår deg til å setja deg på venteliste til ein av legane på det legekontoret du ynskjer å nytta.vel gjerne ein lege med kort ventelistenår du har fått fastlege kan du eventuelt setja deg på ventelista for å byta fastlegeKva gjer du medan du ventar på fastlege i Kvam?Omgåande hjelp går til Kvam legevakt òg daglegevakt ved kontora. Akutt hjelp Akutt medisinsk hjelp Trur du at tilstanden er farleg eller lett kan verta det, skal du straks ringja medisinsk naudtelefon 113. Kvam legevakt Telefon: 116 117 AdresseNedre Norheim 44, 5600 Norheimsund.OpningstiderKvardagar: 16.00–23.00 og helg/høgtid 08.00–23.00Ved akutt, livstruande skade eller sjukdom ring 113 Publisert 06.12.2017 13:48