Kosthald og ernæring

God og riktig mat gjennom heile livet er grunnleggande for vekst, utvikling, helse og livskvalitet.

Helsedirektoratet tilrår den generelle befolkninga eit variert kosthald med mykje mat frå planteriket, grønsaker, frukt, bær, grovt brød, fullkornsprodukt, fisk, sjømat, bønner, linser, mjølk og meieriprodukt med mindre feitt, og vatn. Det er tilrådd å ete minst mogleg omarbeida kjøtt, godteri, snacks og søte bakevarer. Nøkkelhullsmerket skal gjera det enklare å ta sunnare val. Du finn råda til Helsedirektoratet på denne lenka.   

Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune samarbeider interkommunalt og har tilsett to klinisk ernæringsfysiologar. Dei jobbar i hovudsak for å styrka det systematiske ernæringsarbeidet og den ernæringsfaglege kompetansen i kommunane. Dei jobbar også med ulike interkommunale prosjekt. 

 

Kostsirkelen Helsedirektoratet

 

​

​