Øystese trygdebustader

Trygdebustadane er lokalisert i Rokabrekka i Øystese på oppsida av Mikkjelsflaten.

  • 10 bustader

Kvam herad har tilbod om utleige av husvære som er særleg tilrettelagt for funksjonshemma. 

Det er gruppe 1 i Øystese som har ansvar for bustadane. Det er i hovudsak eldre som bur her. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak. Alle som bur i Trygdebustadane kan nytta felleshuset til ulike aktivitetar.

Tilbod

  • uteområde og veranda utanfor kvar bustad
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time

Måltid

Middag kan bestillast frå A2G Logistikk AS i Bergen for dei som ynskjer det.