Trygdebustad

Trygdebustader i Kvam har livsløpsstandard. Å skaffa seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar, og kommunal bustad er ikkje ein lovfest rett. Kommunen kan bistå med kommunale bustader for særskilt vanskelegstilte på bustadmarknaden.

 Kven kan få tilbod om trygdebustad?

  • Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam
     
  • Trygdebustad kan tildelast søkjar som er utan fast eller eigna bustad, og som er utan høve til å skaffa seg alternativ bustad sjølv.
     
  • Bustad for deg som er i ein mellombels vanskeleg situasjon grunna helsemessige eller sosiale tilhøve.
     
  • Søkjar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative utvegar som gjer vedkomande i stand til å skaffa seg eigna bustad. Ligg det særlege grunnar til, kan me fråvika kravet.

 

 

Pris

Du inngår husleigekontrakt og betaler husleige for bustaden.

Utgifter til måltider, alarm og tenester i bustaden kjem i tillegg til husleiga.

 

Slik søkjer du

Søknadsskjema

For meir informasjon om søknad følg denne lenka.

 

Lovar og retningsliner

Trygdebustad er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.