Kvam ungdomsråd

     

Kvam ungdomsråd er eit rådgjevande og lovpålagt folkevalt organ, som er sett saman av 13 ungdomar som representerer aldersgruppa 13- 19 år. Representantane er valde frå Strandebarm skule, Norheimsund Friskule, Kvam ungdomsskule, dei vidaregåande skulane i Kvam,  Kvam kulturskule (nytt frå hausten 2024) og Ungdomsbasen i Norheimsund. Kvar representant er valt for ein periode på 2 år og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. I tillegg er det vald ein representant frå Kvam heradsstyre som er valt for ein periode på 4 år som tilsvarar heradsstyreperioden.

Ungdomsrådet skal arbeida for å skapa best mogeleg ungdomsmiljø i Kvam. Rådet kan uttala seg i saker som gjeld ungdom før desse vert politisk handsama og vedtekne. Det kan i tillegg ta opp saker og fremja forslag for politiske organ som gjeld barn og unge sin kvardag.

Ungdomsrådet kan arbeida med konkrete aktivitetar og prosjekt knytt til barn og unge. 

Kvam ungdomsråd har møte- og talerett i Kvam formannskap og Kvam heradsstyre sine møte i dei saker som kjem inn under ungdomsrådet sitt arbeidsområde. 

På Kvam heradsstyre sitt møte 11.12.2025 vart samansetjinga av ungdomsrådet for hausten 2025- hausten 2026 formelt vedteke. Kvam ungdomsråd konstituerte seg 13.1.2026. 

Hallvard Valland Nordheim vart vald til leiar og Alexander Nitter vart valt til nestleiar.  

Du kan følgja med på aktiviteten til Kvam ungdomsråd på Instagram

Sjå også:

 

Kvam ungdomsråd er også medlem i Hardanger og Voss ungdomsråd.

Ungdata og Sterke felleskap 

Kvam ungdomsråd har vore sterkt engasjert i arbeidet med “Sterke fellesskap” sidan våren 2024. Her finn du rapporten frå arbeidet så langt: Sterke fellesskap- ung i Kvam 2024 (PDF, 3 MB) 

Oversikt representantar hausten 2025- hausten 2026

Funksjon:Namn:Vararepresentant(ar):Tilrådd frå:
LeiarHallvard Valland Nordheim

1. Vegard Kvamsøy 

2. Jacob Neteland Ellingsen

Kvam vidaregåande skule 
NestleiarAlexander Nitter Hannes SkaarUngdomsbasen 
MedlemHelena Mo Seljebotn 
  1. Åsmund Stevnebø Kaale 
  2. Snorre Egdetveit
Kvam ungdomsskule
Medlem

 

Halvor Økland 

 

  1. Åsmund Stevnebø Kaale 
  2. Snorre Egdetveit
Kvam ungdomsskule
Medlem Tommy Augestad Mikal Skår MågeStrandebarm skule 
Medlem Marie Duang Løken Mikal Skår MågeStrandebarm skule 
MedlemMarina GhebrayOle Philip HøylandNorheimsund Friskule
MedlemMarkus Elias Fosse 

1. Vegard Kvamsøy 

2. Jacob Neteland Ellingsen

Kvam vidaregåande skule
Medlem

 

Sondre Fagerheim Lunestad 

 

1. Vegard Kvamsøy 

2. Jacob Neteland Ellingsen

Kvam vidaregåande skule
MedlemErlend Gravdal  Isak LyngsetFramnes Kristne Vidaregåande skule
Medlem Lone Bakke Aknses Isak LyngsetFramnes Kristne Vidaregåande skule
Medlem Signe Vik Ingen Kvam kulturskule 
Medlem Maylinn Kathrine Håland (Guro Bell Berge har fått fritak!) Ingen Kvam kulturskule 

Politiske representantar valt frå Kvam heradsstyre perioden 2023-2027:

Johanne Neteland, Sp med personleg vara: Heidi Fanebust, FrP 

 

Diverse kontaktinformasjon til Kvam ungdomsråd: 

 

Pressekontakt for ungdomsrådet (intervju og spørsmål frå media til ungdomsrådet): 

Sondre Fagerheim Lunestad 

E-post: sondrefl09@gmail.com 

Tlf.: 466 70 125

Ansvarleg for SOME (Ungdomsrådet si instagram- og facebookside)

Markus Elias Fosse 

E-post: fossemarkuselias@gmail.com 

Tlf.: 483 82 574

 

Koordinator og kontaktperson for Kvam ungdomsråd:

Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar

E-post: kwvi@kvam.kommune.no 

tlf: 995 43 057

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.