PPT er ei lovpålagt teneste og skal:
- Støtta og rettleia barnehagane i å greia ut behov for tilrettelegging av barnehagetilbodet og å setja inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst.
- Hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at barnehagetilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg.
- Utarbeida sakkunnig vurdering der lova eller forskrift til lova krev det. Det gjeld først og fremst når foreldre eller barnehagen vurderer at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
- Før ei sakkunnig vurdering vert gjort, må barnehagen i dei fleste tilfelle ha sett inn tiltak gjennom støttesystemet i barnehagen, og evaluert desse.
- Tilvising skjer alltid i samråd med og etter samtykke frå føresette og barnet så langt det er mogleg.
Korleis få hjelp frå PPT?
Om foreldre treng hjelp frå PPT, kan de ta direkte kontakt med oss eller gjennom barnehagen barnet går i. Det er ynskjeleg at de tek kontakt med barnehagen først, men dette er ikkje eit krav. Alle barnehagane i Kvam har eit støttesystem, der spesialpedagog er tilsett i alle barnehagane for å vera ei god støtte og gje tidleg hjelp. PPT samarbeider tett med barnehagane/spesialpedagog, både gjennom oppgåver på lågterskel og gjennom spesialpedagogisk hjelp.
For barnehagen
PPT skal gje råd og rettleiing til barnehagar om barn som ikkje er tilviste til oss, etter at føresette har samtykka til det. De kan også be om rettleiing i lågterskelrundane der PPT deltek, og i inkluderingsteam i barnehagen
For at PPT skal gjennomføra kartlegging/sakkunnig vurdering, må barnet vera tilvist PPT på eige tilvisingsskjema. Pedagogisk rapport skal alltid fyllast ut og leggjast ved tilvisingsskjema. Tiltak i støttesystemet skal vera prøvd ut og evaluert før tilvising, om ikkje det er heilt særlege grunnar til at ein skal tilvisa direkte utan utprøving (store og omfattande vanskar/utfordringar).
Skjema i Word-format:
Skjema i PDF-format:
Tilvising til PPT, systemarbeid
PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091