Oppfølging av barn og familiar

Alle tiltak frå barnevernet skal ha eit vedtak og ein tiltaksplan. 

I vedtaket skal bakgrunn for tiltaket og ei grunngjeving av kvifor barnet har behov for dette tiltaket, kome tydeleg fram. Vedtaket skal vidare vise til lovgrunnlaget for tiltaket.

Når ein sett i verk hjelpetiltak, skal barneverntenesta utarbeida ein tidsavgrensa tiltaksplan. Barneverntenesta skal følgje nøye med på korleis det går med barnet og foreldra og vurdera om hjelpen er tenleg, eventuelt om det er nødvendig med nye tiltak, eller om det er grunnlag for omsorgsovertaking. Tiltaksplanen skal evaluerast regelmessig. (Lov om barneverntjenester § 8.1).