Forskrift om tilskot til private barnehagar -27

Stortinget har vedteke endringar i barnehagelova, og Kunnskapsdepartementet har fastsett ny forskrift om finansiering av private barnehagar.

Ny finansieringsordning

Den nye ordninga skal nyttast ved berekning av kommunale tilskot frå tilskotsåret 2027.

Den nye finansieringsmodellen vidarefører i hovudsak dagens prinsipp om at private barnehagar skal finansierast med utgangspunkt i kostnadene i dei kommunale barnehagane. Samstundes kjem det fleire endringar som påverkar berekning av driftstilskot, pensjonstilskot og eigedomstilskot. Målet med endringane er å gjere finansieringa meir treffsikker, sikre likeverdige rammevilkår og gi kommunane betre moglegheit til å ta omsyn til lokale forhold og satsingar.

Kommunane får framleis ansvar for å fastsetje og utbetale tilskot til private barnehagar.

Lokale satsar

Eit sentralt element i den nye finansieringsordninga er at kommunen skal fastsetje lokale satsar gjennom forskrift. Fastsetjing av lokal forskrift og vedtak om tilskot til private barnehagar er utøving av offentleg mynde og må skje i samsvar med barnehagelova, finansieringsforskrifta, forvaltningslova og alminnelege krav til god forvaltningsskikk.

Den lokale forskrifta må utarbeidast og vedtakast etter reglane for kommunale forskrifter. Forslaget skal sendast på høyring til berørte partar, mellom anna til privat barnehage, før endeleg vedtak vert fatta. Høyringsinnspela skal vurderast og inngå i grunnlaget for politiske sak då det er heradstyret som vedtek forskrift om grunntilskotsats.

Kvam herad har i arbeidet med forskrift om med ny finansieringsordning for private barnehagar følgt framlegg til årshjul og sjekkliste som ligg i rettleiaren basert på formelle rettslege krav i finansieringsforskrifta.

Kjelde: veileder_tilskudd_private_barnehager_2027_word.docx

Høyringsfrist for innspel

Forskrifta vert no sendt ut på høyring med høyringsfrist 30.09.26. Den 04.11.26 skal forskrifta til politisk behandling i HST.

 

Innspel kan sendast til Ingunn Mo - Leiar for barnehage, innan 30.09.26.

E-post: ingumo@kvam.kommune.no
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.