Kommunedelplan for helse og omsorg

Arbeid med ny kommunedelplan for helse og omsorg er starta opp på bakgrunn av vedteken planstrategi (sak 134/24). Ny kommunedelplan for Helse og omsorg vil erstatta gjeldande plan frå 2015.

Kommunedelplanen for helse og omsorg skal gjennom mål og strategiar gje retning for arbeidet med å sikra utvikling og gode helse- og omsorgstenester for innbyggjarane i Kvam.

Planen skal vere eit verktøy for strategisk leiing av tenestene og gje grunnlag for eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.

Her kan du følgja saka: Sak 25/4630 – Kommunedelplan for helse og omsorg.

Førebuande fase

Det vart meldt oppstart av planarbeidet 3.november 2025. Planprogrammet var på høyring i perioden 03.11.2025 – 31.12.2025. 

Fastsetting av planprogrammet vart vedteke i HST 17.februar 2026 (sak 004/26).

Medverknad og planarbeid

Det er ein styrke for planarbeidet at innbyggjarar, pårørande, brukarar og tilsett får høve til å delta i planprosessen. 

Følgjande metodar for medverknad vert nytta i planarbeidet: 

Det er gjennomført kontordag 3. og 4. februar 2026. 

Innspelmøte 19.februar kl 18 -20

Fagdag pleie og omsorg (målgruppe er tilsette i pleie og omsorg)

Gjestebod vil bli nytta for å henta inn innspel frå ulike grupper

 

Har du innspel, kan du når som helst senda dette til kommunen si e-postadresse: postmottak@kvam.kommune.no

Minnar om at alle innspel vert publisert på innsyn. Unngå derfor å legga inn informasjon som kan vera personsensitiv. 

Fyrstegongshandsaming

Når planen er ferdig utarbeidd, skal den opp til politisk handsaming og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker.

Høyring

Planen skal vera ute på høyring i minimum 6 veker. I tråd med framdriftsplanen skal planen på høyring hausten/vinteren 2026.

Planarbeid

Handtera innspel, oppdatera planutkastet og skriva politisk sak 

Endeleg handsaming

Når alle innspel er vurdert og planen er klar vert den lagt fram til endeleg vedtak i Kvam heradsstyre.

Vedtak

Her kjem lenke til kommunedelplan for helse og omsorg når den er vedteken.

Artikkelliste