Snøskredvarsel onsdag 21.januar

Faregrad 3 - Betydeleg snøskredfare for region Hardanger.

Kvam herad rose - Klikk for stort bilete

 

Oppdatert 21.01. kl 09:45:

Vindauke gir auka skredfare. 

Østavinden vil leggje igjen snø i terreng mot vest, og det kan bli lettare å påverke svakt lag med kantkorn. Skredfaren er størst på dei stadene der det er mest laus snø som vinden kan flytta på. På dei mest utsatte stadene kan det vera svært lett å løyse ut skred, og fjernutløysing kan ikkje utelukkast. Det er heller ikkje utenkeleg at enkelte skred kan losne av seg sjølv.

Vindauken vil også gi dagsferske flak med fokksnø i vestvendt terreng som lett kan løysast ut av skiløpar.

Råd

Varselet er eit hjelpemiddel, ikkje ein fasit. Gjer alltid eigne vurderingar. Vil du vera heilt skredtrygg, unngå alt skredterreng.

illustrasjon av skredvurdering - Klikk for stort bileteUnngå terreng brattare enn 30 grader og utløpsområder for skred. Du kan løysa ut skred på avstand. varsom.no

 

illustrasjon av vurdering av skredvarsel - Klikk for stort bileteUnngå terrengfeller varsom.no

 

Les meir om varselet på varsom.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.