Under bålforbodet er hovudregelen at du ikkje har lov til å kveikja bål, bålpanner, bruka éingongsgrill eller annan open eld i utmark. Forbodet gjeld all utmark, som skog, fjell, myr og kystområde.
Flest brannar under bålforbodet
I 2024 var det 771 skog- og grasbrannar i Noreg i fylgje tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). So mange som 600 av brannane var frå tida med generelt bålforbod.
Bruk skjøn
Bålforbodet opnar jamvel opp for å gjera opp bål der det audsynt ikkje kan leia til brann, til dømes der det framleis ligg mykje snø eller om det har regna ei lang tid.
I UT-appen til turlaget og på UT.no finn ein no etablerte bålplasser på kartet ved å filtrera på «godkjente bålplasser» under turmål.
Hugs på bålforbodet frå 15. april til 15. september
12019 / Pixabay