Kvam Internasjonale Kvinnegruppe

Velkomen til Kvam Internasjonale Kvinnegruppe!

Grannehjelpa har i samarbeid med Øystese Sanitetslag starta opp ei kvinnegruppe. Etter haustferien arrangerer dei Kvam Internasjonale Kvinnegruppe (KIK).

Tid: Kvar onsdag kl. 11.30-13.30 

Stad: Øystese bedehus

Kvinnegruppa er ein møtestad for alle kvinner på tvers av alder, nasjonalitet, trusretning, farge og fasong. Hit kan du koma for å:

  • Øva på å snakka norsk, eller hjelpa andre med å læra språket
  • Driva med handarbeid
  • Bli kjend med nye menneske

Å vera med i Kvinnegruppa er uforpliktande og heilt gratis. Berre møt opp når det måtte høva.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.