Regionalt kulturfond Hardanger

Klikk for stort bilete 

Hardangerrådet lyser ut Regionalt kulturfond på 150.000 kroner. Midlane er meint å stimulera til kulturutvikling i Hardanger.

  • Nye tiltak og prosjektutvikling vert prioritert.
  • Tiltak må femna om fleire kommunar.
  • Det er ikkje søknadsskjema. Søknad skal sendast til Hardangerrådet på post@hardangerraadet.no
  • Krav til søknaden finn du her (lenkje til PDF-fil på Hardangerrådet sine nettsider).

Søknadsfrist: 1. oktober 2022.