Viktig informasjon om beredskap

for innbyggjarane i Kvam.

bilde frå øving. Brannbil og ambulanse ved Elkem Bjølvefossen - Klikk for stort bilete

 

Kommunen si rolle i krise og krig

Ved kriser og i ein krigssituasjon skal kommunen så langt det er mogleg ha normal drift og sikra viktige tenester som:

  • helse og omsorg 
  • vatn og avløp
  • skule og barnehage 
  • samt annan kritisk infrastruktur.

 

Målet er at innbyggjarane skal få nødvendig hjelp og oppfølging, også når samfunnet er under press. Ein må likevel ta høgd for at deler av teneste-tilbodet kan bli noko endra eller redusert.

Kva bør du som innbyggjar gjera ved hendingar?
Ved ei hending er det viktig at du held deg roleg, følgjer råd og informasjon frå kommunen og styresmaktene, og unngår å spreia ubekrefta informasjon.

Sørg for å ha ei eiga grunnberedskap slik at du kan klara deg sjølv i fleire dagar dersom straum, vatn eller kommunikasjonsløysingar vert sette ut av drift. Ved å vera førebudd og ta ansvar for deg sjølv og dine næraste, bidreg du til at kommunen kan hjelpa dei som treng det mest.
 

bilde av person i hylle med mat og nødvendigheiter - Klikk for stort bilete DSB

 

Trygt drikkevatn i kriser

Vatn er noko av det viktigaste du treng dersom straumen vert borte, vassforsyninga sviktar eller ein annan beredskapssituasjon oppstår.

Me tilrår at alle husstandar lagrar drikkevatn heime.
Kor mykje vatn? 

Anbefalinga er 3 liter pr person for 7 dagar. Det vil seie 20 liter drikkevatn per person lagra. Dette dekkjer behovet for drikke og enkel matlaging i ei veke

Slik lagrar du vatn:
• Bruk reine kanner eller flasker med lokk.
• Oppbevar vatnet mørkt og kjølig.
• Byt ut vatnet jamleg.

Dersom vatnet blir borte: Følg informasjon frå kommunen. Kommunen vil freiste å opprette nødvassforsyning og informere om kva vatn kan hentast.
God eigenberedskap gjer deg og familien tryggare, og hjelper samfunnet når uventa hendingar oppstår.

Ver budd – før du treng det!

 

bilde av anebalt innhald til eigenberedskapen - Klikk for stort bilete