Vellukka kulturminnedag

Vêrgudane var med på laget då årets kulturminnedag gjekk av stabelen i Ålvik i går, sundag. 

Klikk for stort bileteFrå kunstparken ved Messen    

Klikk for stort bileteFolksomt i Folkets hus under visning av Bjølvefossen i Vekst 2Kulturminnedagane er landets største historie- og kulturarvfestival, og går føre seg landet over. Dei siste tre åra har festivalen også vorte markert i Kvam, og i år var arrangementet lagt til Ålvik, der det vart lagt opp eit spanande og interessant program.

For dei fleste byrja det nok i Folkets hus, der Frode Wollestad mimra om historia til huset, før det var premiere på den digitaliserte utgåva av filmen Bjølvefossen i vekst 2, som no også er tilgjengeleg på YouTube (sjå under). I kjellaren til Folkets hus var det råd å få seg ein kopp kaffe og noko å bita i, og deretter var det lagt opp til ei kulturhistorisk og arkitektonisk vandring gjennom Ålvik, med minikonsert utanfor det gamle bedehuset, besøk ved scenen på Storhaug, vandring gjennom dei særeigne bustadene på Skjæret, kunstutstilling på Messen.

Ruta la også opp til ein stopp til ettertanke ved dei tre snublesteinane i Ålvik, minnesmerke etter dei tre jødane frå Ålvik som vart deportert under okkupasjonen og tatt av dage i Tyskland. Dessutan inkluderte ruta den nye parken i Ålvik sentrum, og ein titt innom Ålvik industriarbeidarmuseum, det siste mest som ei reise i tid.

Klikk for stort biletePå kunsthuset Messen var det noko av ei føropning på utstillinga til Johild Mæland, I hus og hage. Utstillinga opnar att 18. september