Kulturprisen 2019 til Brynjulf Måkestad

- Kulturprisen i Kvam går i år til ein person som gjennom eit langt liv har bidratt stort til å engasjera seg sjølv og andre i sin lidenskap for trening og konkuransar, sa ordførar Jostein Ljones under prisutdelinga.

Kulturprisvinnar Brynjulf Måkestad i teikna utgåve Illustrasjon: Linn Karin Børsheim

Kvam herad deler årleg ut ein kulturpris som takk for verdifullt kulturarbeid i heradet. Prisen vert tildelt einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har utmerka seg ved stor innsats for kulturlivet i Kvam.

Tildelingsnemnda vel prisvinnar på bakgrunn av framlegg frå innbyggjarane i kommunen.

Årets pris vart idag tildelt Brynjulf Måkestad. Måkestad starta og har vore avgjerande for Hardanger skøyteklubb. Han var også initiativtakar for rulleskøytebanen ved Norheimsund idrettsplass, og når den måtte vika for utviding av barnehagen, sette han i gang arbeidet med å få på plass ei ny rulleskøytebane på Vikøy.

- Det yrer no av nye talent på trening, med slike treningsfasilitetar i nærleiken er det fullt mogleg at me her finn framtidige verdsmeistrar, som har lært av meisteren, sa ordføraren under prisutdelinga.

For meir om den nye rulleskøytebana, kan du lesa denne artikkelen i BA: Sommerens nye skøyteparadis.

Du kan også lesa meir om Måkestad i denne artikkelen i Aftenposten: Den norske grensesprengeren jager verdensrekorden, eller høyra om han i eit opptak frå NRK si distriktssending.