Ny i Kvam

Fyrst av alt, velkomen til oss!

Bruk gjerne søkefeltet på framsida for å finna det du måtte leita etter av våre tenester og tilbod.

I dei ulike blå tenesteboksane, finn du hovudinnhaldet i sida vår. Her følger lita oppsumering av Kvam og bygdene våre.

mai, barn, omaholmen - Klikk for stort bileteOmaholmen, Oma Pernille Djupesland

______

Framtida er her 

Søk jobb i kvam!

Forsida av kvam herad brosjyre - Klikk for stort bilete

 

Sjå faldaren vår her (PDF, 6 MB)

Om Kvam

Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. 

Kvam har korte avstandar til mykje, ein times køyring frå Bergen der ein finn tog, flyplass samt byliv. Og ein time frå Voss, her ligg me, kommunen ved Hardangerfjorden.

Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular per i dag, bygging av nye Kvam vidaregåande skule pågår og er venta ferdig 2025. Norheimsund er regionsenteret og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad».

Les meir om dei ulike bygdene som utgjer Kvam herad under her.

Vil du følje med på kva meir som rører seg? 

  • Gå til framsida på kvam.no 
  • Last ned vår innbyggarapp: Friskus kommune (Der finn du nyheiter, aktivteskalender, snarvegar til populær informasjon med meir.)
  • Følg oss på Facebook.

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.