Botnen skulehus

Skulehuset i Botnen er normalt tilgjengeleg for utleige mellom 1. mai og fram til og med haustferien. Skuleklassar har prioritet ved utleige i vekedagar.

  

Du tingar skulehuset gjennom Aktiv kommune.

Pris står i oversikta over kommunale gebyr og prisar

Tilsette i Kvam herad får 50 prosent rabatt. Kommunale skular og barnehagar kan leiga skulebygget gratis.

Betaling skjer ved at økonomikontoret sender ut rekning i midten av leigemånaden med forfall ca. den 30. eller månaden etter. Leigesummen på fakturaen er den totale summen rekna ut for opphaldet.

Lykel må du henta og levera i resepsjonen på rådhuset i opningstida.

Detaljar:

  • Det er 12 senger i skulehuset
  • Dyner og puter, men brukarar må sjølv ha med sengetøy
  • Det er kjøkenutstyr til 12 personar
  • Dersom større grupper nyttar skulen må dei ta med ekstra forbruksmateriell til toalett og reinhald, service osv. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.