Parkering

Kommunen har nokre offentlege parkeringsplassar hovudsakeleg i sentrumsområda i Øystese og Norheimsund.

Kartustnitt av Norheimsund med P merking på område for kommunal parkering - Klikk for stort bileteKommunal parkering i Norheimsund

 

Her er dei å finna:

  • Norheimsund (Grusbana på Haugamyr, Meieritomta/Hardanger brygge, asfaltert område på nivå to ved Spar butikken, Gjermundsbakken)
  • Øystese (ved kyrkja, kaien)

 

På desse plassane kan ein parkera inntil 20 timar, dersom ikkje anna er skilta (maks 2 t på kaien i Norheimsund).

Andre parkeringsplassar ved offentlige bygg er for brukarane (besøkjande og ansatte) til bygget.

 

Hjelp oss fram – Me treng DI hjelp

  • Brannbil, brøytebil og bossbil trenger minimum 3 meter vegbredd.
  • Tenk deg om når du parkerer. Liv og helse kan stå på spel dersom din bil sperrar vegen.
  • Feilparkerte bilar kan skape problem ved at bossbilane ikkje kjem seg fram til bosspann og containere.
  • Respekter skilt som angjev parkerings- eller stoppforbod.
  • Bilar som hindrar trafikken kan Politiet bøtelegge eller fjerne for eigaren si rekning med heimel i Vegtrafikklova.
  • Seinhaustes og på vinteren er det ekstra viktig å tenke seg om.
  • Brøytemannskap må komme seg fram slik at dei får rydda vegane for snø.

 

Gjenståande bilar og bilvrak

  • Du kan melde inn til oss dersom du ser forletne bilar eller bilvrak langs dei offentlege vegane i kommunen.
  • I samarbeid med Politiet vil me prøve å få dei fjerna.
  • Det kan likevel ta nokon veker på grunn av at eigaren må sporast opp og varslast før fjerninga.
Jarle Ystebø
Ingeniør
E-post
Telefon 40 47 25 62
Mobil 40 47 25 62

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.