Kvam trafikksikkert herad

Godt trafikksikkerheitsarbeid gir kommunen eit trygt lokalmiljø, mindre skadar og nøgde innbyggjarar.

Bilde av menneske frå Trygg trafikk og Kvam herad - Klikk for stort bilete

Sjå forskningsrapporten til Transportøkonomisk Institutt

Ved å verta godkjent som Trafikksikkert herad, kan ein vera trygg på at dei lover og føresegner kommunen er pålagt er systematisert.

Trafikksikkert herad er eit kvalitetsstempel for kommunen som syner at kommunen jobbar systematisk, heilskapleg og har gode rutinar.

 

logo trafikksikkert herad - Klikk for stort bilete

 

For heradsleiinga gjeld dei fylgjande vilkåra:

Vilkår

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeid hjå ordførar og rådmann. Delansvar kan liggja hjå einingsleiarane.
  • Kommunen har eit utval med ansvar for trafikktryggleik.
  • Kommunen har innarbeidd trafikktryggleik i HMS/internkontrollsystemet med reglar for reiser og transport i kommunal regi og ved kjøp av transporttenestar.
  • Trafikktryggleik er eit årvisst tema arbeidsmiljøutval (AMU) i heradet.
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
  • Trafikktryggleik er ein del av folkehelsearbeidet til heradet.
  • Kommunen har ein trafikktryggleiksplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Planen inneheld både trafikantretta og fysiske tiltak.
  • Kommunen har eit godt system for å ha føre søknader om skyss pga. særleg farleg skuleveg.
  • Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektor.

Krav til dokumentasjon

Ein kommune som ynskjer å verta godkjent, må ha oppfylt alle vilkåra over. I tillegg må det fylgjande kunne dokumenterast skriftleg:

  • Skriftleg dokumentasjon frå rådmannen om at alle vilkåra er oppfylt
  • Trafikksikringsplan for Kvam herad 2024 -2027 finn du på denne lenka. (PDF, 3 MB)
  • Retningsliner for korleis dei tilsette ferdast i trafikken (i teneste)
  • Rutiner for kjøp av transporttenester
  • Dokumentasjon frå barnehagane
  • Dokumentasjon frå skulane
  • Dokumentasjon frå kommunalteknisk avdeling
  • Dokumentasjon frå kulturavdelinga
  • Dokumentasjon frå kommuneoverlegen
  • Dokumentasjon frå helsestasjonane

For til dømes: skule og barnehage, teknisk, kultur og helsestasjon gjeld eigne vilkår og krav. Kriterier og krav for dei ulike einingane finn du på denne lenka som fører til Trygg trafikk sine sider.

______________

Sjå filmane frå Trygg trafikk

Filmane foklårar kva eit trafikksikkert herad er, korleis ein vert godkjent og kva det tyder å vera eit godkjent herad: Trafikksikkert herad på YouTube.

Skjermbilde av youtube film om trafikksikkert herad  - Klikk for stort bilete

 

Kvar månad har me fokus på eit emne innan trygg trafikk som me formidler på vår nettside og Facebookside.

________________________

Tema for desember 2025

  • Rus + bil = La bilen stå.
  • Planlegg trygg transport heim med taxi eller ein edru sjåfør 
  • Sei i frå dersom nokon vurderer å køyra rusa.
  • Varsla politiet ved mistanke om ruskøyring – det kan redda liv.
     
annonse frå trygg trafikk om rusfri køyring i desember - Klikk for stort bilete Trygg trafikk

 

Les meir om korleis rus påverkar deg i trafikken her.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.