Brøyting

Brøyting av kommunale vegar skal etter gjeldande instruks ikkje setjast i verk før det er 10 cm snø i den snørikaste delen av brøyteroden

Vegane skal vera farande for mjuke trafikantar som er skodde for vinterføre og normalt vinterutstyrte personbilar, og ved særleg vanskelege køyretilhøve kan brøyting ved mindre snømengder verta naudsynt. Normalt vert det ikkje utført brøyting mellom kl. 23.00 og 03.30. Vegane skal likevel vera gjennombrøytte før morgontrafikken set inn, og ved store snøfall kan difor nattbrøyting verta naudsynt.

Utførande verksemder

Kvam herad har for dei fleste område avtale med private om brøyting. Me ber om at de kontaktar desse beinveges om der har spørsmål om brøyting eller strøying. Lista er ordna i område alle vegnamn er ikkje med.

Om vinteren må du som går og køyrer rekna med dårlegare veg- og føretilhøve. Det er du som bilførar som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast!

Andre spørsmål eller meldingar om snøbrøyting/strøying skal gå til brøytevakta i Kvam herad på tlf. 56 55 34 00

Rode nr.Område                                                                 (WEB SAK 17/522)TelefonAnsvar 2023–2028
1Krokatveitvegen911 40 224Hovdane maskin
2Bjørkevegen, Klyvevegen415 50 197Ragnvald Fykse
3Rykkjevegen, Bergstøvegen, Melstveitvegen, Bergshagen952 80 394Olav V. Melstveit
4Torpevegen, Hellestveitvegen917 56 373Rykkje maskin Kjetil Berge
5Gartveitvegen, Gartveitbrotet, Kyrhagen, Fitjadalsvegen, Leitesdalen, Kjerringkleiv, Kjosåsvegen, Stuevegen917 56 373Rykkje maskin Kjetil Berge
6Nedre Vik, avgreining til Sjydnahaugen, Holmane, Vavegen, Vavollen, Lundanesvegen, Børvevegen911 38 428Hallstein Mo
7Fortog/kai Øystese sentrum, P.plass v. hotell, bankplass, veg til kyrkjegard/sjøen, Ingebrigt Vik vegen, Stoppelsgjerd, Rokabrekko/trygdebustader, gangveg mellom Tunet og Kabuso,971 66 851Arne Aalvik
8Soldalsvegen, Hovlandsvegen, del av Froestadvegen, Kaiveg Porsmyr inkl p.plass934 34 809Torkjel Hovland
9Sjusetevegen, Selesetvegen, Tololia, Tolovegen, Tolohagen, Tolomarka inkl tilkomst barnehage, gangvegar Tolomarka, Vallandshaugen, Vallandsvegen, Øvre Valland907 50 880Asbjørn Fosse
10Kjetilstreet, Mjølstølvegen, Norheimshagen, Hatlevegen, parkering v/sjukeheim og trygdebustadar, Nedre Norheim, Øvre Sundsvik, Nedre Sundsvik, Skutlalia til Skutlaberg907 50 880 Asbjørn Fosse
11Gamle Dalavegen, byggefeltet Sæland, industrifelt i Sandvenhagen, Fjærabygda, Rosseland, Liabrekka, Steine/Neteland, veg rundt rundkjøringa til yrksesskulen481 00 803Fosso gard
12Bruhaugvegen, Gamle Tveitevegen, Fossovegen, Breimyråsen m/gangveg, veg til Vikøy kyrkje/bårehus, veg v/Vågen, Holmen, veg til Framnes, Byrkjelandsvegen, Tveitevegen481 00 803Fosso gard
13Aksnesvegen, Vangdalsvegen 481 00 803Fosso gard
14Heradstveitvegen, veg til gravplass, Torvik-Tveiten, Lysevegen/Torvikvegen, Hovdenfeltet, Dragshagen og inn til skulen, Dalheim, Lysenvegen-Solstrand, Augestadvegen970 00 755Aksnes og Brattli skog og maskin AS
15Åsevegen, Ljonesvegen/Tangavegen, Kolltveitvegen970 00 755Aksnes og Brattli skog og maskin AS
16Veg til Solbjørg, Tordalsvegen, Brekkevegen948 29 533Nes Maskin og anlegg v/Kristoffer Nes
17Fossevegen, Strandadalsvegen (til skytebane), veg til Strandebarm kyrkje, Ploganeset, Tangeråshagen, Tangeråslia, veg til Tangerås skule, Strandebarm aldersheim948 29 533Nes Maskin og anlegg v/Kristoffer Nes
18Båtavika (industrifelt Breievne), Oma-Åse, Mowinckelfeltet/Oma, Oma skule, Lambadalen997 28 499John Olav Måge
19Nernesvegen, Mundheimsdalen (gamlevegen), veg til Mundheim gravplass, Salbuvika bustadfelt991 52 195Kåre Nes
20Kommunale vegar i Ålvik911 40 224Hovdane Maskin

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.