Kva er ditt ansvar som huseigar?
Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget ureinar, har du som eigar plikt til å rydja opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår ureining eller oppsamling av kloakk inne i huset.
Kva er ansvaret til Kvam herad?
Kvam herad er ureiningsmynde for mindre avlaupsanlegg. Det vil seie at me godkjenner og fører tilsyn med slamavskiljarar/septiktankar. Heradet kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.
Septik24 tømmer slamavskiljarar/septiktankar på vegner av Kvam herad. Dei følgjer opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei seier til nokre dagar før tømming, slik at du får tid til å gjera slamavskiljaren tilgjengeleg.
Kvam herad tek eit gebyr for å tømma private slamavskiljarar/septiktankar. Sjå oversikta over kommunale gebyr og prisar.
Skal du montera slamavskiljar?
Før du monterer eit minireinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta.
- Kravet til slamavskiljar for heilårsbustader er 4 m3 med tre kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer annankvart år.
- Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 2 m3 med to kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer kvart fjerde år.
Treng du ekstra tømming?
Treng de tømming utanom dei planlagte tidene, må eigar sjølv sørgja for å tinga tømming og bera kostnadene for dette.
NORVA24 Birkeland utfører tømming på vegner av Kvam herad. De kan kontakta dei på telefon 57 78 11 70 eller e-post birkeland@norva24.no