Sal av pyroteknisk vare

Skal du selja fyrverkeri i Kvam herad i romjula må du søkja om tillatelse for dette. Det er Kvam brann- og redningsvesen som behandlar søknaden. Søknaden må vera sendt til Kvam herad innan 1. mai det året ein ynskjer å selja.

Det er forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff som regulerer oppbevaring og salg av fyrverkeri. Forskrifta kan ein sjå her 

Ved handsaming av søknaden tek Kvam herad utgangspunkt i rettleiaren til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Rettleiaren kan ein sjå her

Søknaden skal sendast til Kvam herad, gjerne på e-post: postmottak@kvam.kommmune.no

Søknaden må innehalda fylgjande informasjon:

  • Informasjon som ligg i skjemaet som ein ser her
  • Skisse over lagring og sal av pyroteknisk vare, inkludert mål av avstandar, i aktuell butikk
  • Risikovurdering av sal av pyroteknisk vare i aktuell butikk
  • Handlingsplan ved sal av pyroteknisk vare i aktuell butikk
  • Rutinar ved retur av kjøpte varer
  • Kompetansebevis frå kurset til Brannvernforeininga

Handsaming av søknaden og tilsyn er gebyrbelagt. Satsane for gebyret kan ein sjå her

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.