Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brann- og redningsvesenet skal sørga for tilsyn med fyringsanlegg i heilårs- og fritidsbustader i Kvam herad etter forskrift om brannførebygging.

Når det er behov vert det også utført feiing av pipa.

Bilete av bilane som brannførebyggjarane nyttar. Bilane er utstyrt som utrykkingskjøretøy for å kunne vera ein del av totalberedskapen i heradet. Dei er også innreia med utstyr for å kunne utføra feiing og tilsyn. Foto: Kvam brann og redning

Kvifor skal det utførast tilsyn av fyringsanlegget?

Kvart år rykkjer brannvesenet ut til brannar i piper. Dette kan i verste fall utvikle seg til ein bygningsbrann. Derfor utfører me tilsyn med fyringsanlegget ditt, altså pipa og eldstaden.

Hovudmålet med tilsynet er å førebyggja brann.

Ei vanleg årsak til pipebrann er at sot og beksot festar seg på innsida av pipa og blir svært brennbart. Dette skjer ofte når du fyrer med fuktig ved, eller når det er for dårleg trekk i omnen. Resultatet er mykje røyk som blir til tjøreaktige avleiringar i pipa.

Under tilsynet vil brannførebyggjaren:

  • Gje deg råd om rett fyringsteknikk for å redusere sotdanning.
  • Sjekke fyringsanlegget ditt for å vurdere om det er behov for feiing.
  • Avtale tid for feiing med deg dersom det er nødvendig.

Ved å fyre rett og ha jamleg tilsyn, bidreg du til å gjere heimen din tryggare!

Kvifor vert ikkje pipa feia kvart år lenger?

Før feia me pipa og hadde tilsyn med faste mellomrom. No er det annleis! Etter nye reglar (forskrift om brannførebygging) skal feiing og tilsyn gjerast ved behov.

Dette betyr at me jobbar risikobasert. Bustader som har større fare for pipebrann får oftare besøk enn dei med låg risiko. Det er brannførebyggjaren som vurderer risikoen når dei er på tilsyn. Dei ser på ting som:

  • Kva type pipe du har
  • Kor mykje sot det er
  • Korleis det blir fyrt i bustaden
  • ...og fleire andre forhold

Dette gjer at nokre bustader må feiast kvart år, medan det for andre kan gå fleire år mellom kvar feiing.

Det er altså våre brannførebyggjarar som har tilsyn med fyringsanlegget ditt. Under tilsynet vurderer dei om det er behov for feiing. Om feiinga skjer med ein gong eller seinare, blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Hugs at det er eit eige gebyr for sjølve feiinga.

Kva kan du gjera for å begrensa sot i pipa?

Vil du unngå sot i pipa og redusere risikoen for pipebrann? Her er nokre enkle tips til korleis du kan fyre riktig:

  • Bruk tørr ved: Dette er det viktigaste! Fuktig ved fører til mykje sot som kan utvikle seg til brann. Veden bør ha under 20 % fukt.
  • Fyll ikkje ovnen for full: Gi veden plass til å brenne effektivt.
  • Sørg for god trekk: Hald trekkventilane opne når du fyrer opp, slik at røyken trekkjer godt ut. Sørg òg for god utlufting i rommet.
  • Sjekk utstyret: Sjå jamleg over skorsteinen og ovnen din. Er det sprekker eller andre skadar? Fiks det før du fyrer.
  • Aldri bruk farlege væsker: Bruk aldri bensin, tennvæske eller andre brennbare væsker for å fyre opp.
  • Fyr berre når du er heime: La aldri ovnen brenne utan tilsyn.

Ved å følgje desse enkle råda bidreg du til å halde pipa di rein og heimstaden din trygg!

Korleis vert tilsynet varsla?

Brannførebyggjarane våre sender ut varsel til deg som er registrert eigar av eigedommen. Du får varselet på SMS og/eller Digipost. Dersom du har reservert deg mot digital post frå det offentlege vil du få brev i postkassen din. 

Viktig informasjon om varselet:

  • SMS frå ukjent nummer: Den første SMS-en frå Kvam herad vil kome frå eit langt nummer med mange siffer. Dette er fordi SMS-en blir sendt frå eit fagsystem som gjer arbeidet meir effektivt for brannførebyggjarane.
  • Kva varselet inneheld: Varselet fortel om det er tilsyn og/eller feiing, og kva dato besøket er.
  • Tidspunkt for besøket: Det er vanskeleg for oss å setje eit nøyaktig klokkeslett i varselet, fordi kor lang tid me brukar på kvart tilsyn eller feiing kan variere. Dersom du ynskjer eit tidspunkt kan du kontakta oss på telefonnummeret som er oppgitt i varselet.
  • Når får du varselet? Normalt sender me ut varselet i god tid før me kjem.

Har du spørsmål?

  • Ring oss: Kontakt oss på telefonnummeret som står i varselet. Hugs å ringe i det oppgitte tidsrommet: måndag til fredag kl. 08.00–08.30.
  • Sjekk lenkja i SMS-en: Du kan også bruke lenkja som ligg i SMS-en for meir informasjon.

Vil du finne informasjon sjølv?

Du kan logge deg inn på nettstaden Min Kommune for å sjå informasjon om feiing og tilsyn for eigedommen din. Slik gjer du det:

  • Gå inn på Min Kommune
  • Skroll ned på sida og finn lenkja som heiter "Sjå eigedommar".
  • Skroll heilt ned på den nye sida til du finn "Ser du etter andre tenester?".
  • Klikk på lenkja "MinEigedom". Her finn du informasjon om feiing og tilsyn, samt annan kommunal informasjon om eigedommen din.

Kva skjer under tilsynet?

Når brannførebyggjaren kjem på besøk, er hovudfokuset å sjekke at fyringsanlegget ditt – altså pipa og eldstaden – er i trygg og god stand.

Dette blir sjekka:

  • Brannførebyggjaren ser om anlegget er slik det skal vere etter reglane.
  • Om det er feil eller manglar, får du beskjed om kva som må rettast opp. Hugs at det alltid er ditt ansvar som eigar å sjå til at fyringsanlegget fungerer som det skal og er trygt.
  • Viktig: Dersom det blir oppdaga feil eller manglar som gjer brannrisikoen mykje høgare, kan anlegget bli stengt for bruk med det same. Dette blir gjort for din eigen tryggleik, og anlegget kan ikkje brukast før feilen er retta opp, jf. forskrift om brannførebygging § 6.

Du får også gode råd:

  • I tillegg til sjølve tilsynet vil brannførebyggjaren gje deg tips og råd om rett fyringsteknikk. Dette hjelper deg å unngå for mykje sot i pipa, som igjen minskar brannfaren.
  • Du får også informasjon om korleis du best kan ta vare på branntryggleiken i heimen din. Dette kan til dømes vere tips om røykvarslarar og sløkkjeutstyr. Merk at dette er eit tilbod og ikkje ein del av sjølve tilsynet.

Etter tilsynet:

  • Når tilsynet er ferdig, vil brannførebyggjaren vurdere når neste tilsyn skal vere. Dette blir bestemt ut frå ulike risikofaktorar for eigedommen din.
  • Dei vil også vurdere om det er behov for å feie pipa di.

Målet med tilsynet er å hjelpe deg å gjere heimen din så trygg som mogleg!

Kva må du gjera før feiing?

Har du fått varsel om at pipa di skal feiast? Då er det ditt ansvar som huseigar å sørge for at feiaren får trygg og enkel tilgang til skorsteinen.

Me må kunne gjere jobben vår utan at det er fare for nokon, og utan å skade eigedommen din.

For å førebu deg, tenk på dette:

  • Tilkomst til taket: Om feiinga skjer frå taket, må det vere trygt å kome seg opp dit. Sørg for at stigen står stabilt og at det ikkje er glatt.
  • Tilkomst til feieluke: Om feiinga skjer via ei feieluke (ofte i kjellar eller på loft), må du sørgje for at feiaren kjem til utan problem. Rydd vekk møblar eller andre ting som står i vegen.
  • Feiinga blir alltid utført på den tryggaste og mest praktiske måten, anten frå taket eller via feieluke.

Slik klargjer du stigen for feiing frå taket

Om pipa di skal feiast frå taket, er det ditt ansvar som huseigar å sørge for at stigen er trygg og klar til bruk. Dette er viktig for at feiaren kan gjere jobben sin sikkert, utan fare for skade eller uhell.

Før feiaren kjem:

  • Sikre stigen i toppen: Stigen må vere festa og sikra, gjerne med stigesikring eller sklisikring på taket. Dette hindrar at stigen sklir, veltar, eller skader takrenna.
  • Stødig underlag: Stigen skal stå rett og stødig på eit fast og bærekraftig underlag.
  • Høgde på stigen: Toppen av stigen skal stikke minst 1 meter over takkanten.
  • Kun for tilkomst: Stigen er kun til for å komme seg opp på taket. Det er ikkje lov å bruke frittståande stigar som er høgare enn 6 meter.

Slik sørger du for sikker tilgang til taket

Overgangen frå stige til takstige/taktrinn er eit av dei farlegaste punkta for feiaren. For å unngå uhell som utgliding eller fall, er det krav til at følgjande tiltak er på plass før feiinga kan utførast:

  • Fastmontert takstige/taktrinn: Om taket ditt er bratt eller høgt, må du ha montert ein standardisert takstige eller liknande sikring. Dette utstyret må vere dokumentert og montert etter bruksanvisninga, fast i takkonstruksjonen.
  • Går heilt opp til pipa: Takstigen eller taktrinna må gå heilt opp til skorsteinen, slik at feiaren kan stå trygt og feie.
  • Feieplattform ved høg pipe: Dersom skorsteinen er 1,2 meter eller høgare over taket, må det vere montert ei feieplattform eller feiarluke rundt pipa. Denne arbeidsplattforma skal vere tilpassa pipa si høgde.
  • Tilgang til alle piper: Kvar skorstein må ha sin eigen stige og takstige. Har du fleire piper, må du sørge for trygg tilkomst mellom dei, til dømes med ei gangbru.

Desse stigane er ikkje godkjent:

  • Laustliggande takstigar med bøylar eller krokar
  • Rustne eller gamle taktrinn/takstigar
  • Takstigar som er festa direkte i skorsteinen
  • Trestigar
  • Stigetrinn montert på sjølve taksteinen

Ved å følge desse retningslinjene bidreg du til å sikre både din eigen eigedom og feiaren som gjer jobben. Har du spørsmål om krava, er det berre å ta kontakt!

Gebyr

Gebyret for tilsyn med fyringsanlegg vert bestemt av heradsstyret i Kvam herad. I tillegg er det politisk bestemt at feiing skal utførast etter fastsatt timepris. Det betyr at tilsynet vert dekka av årleg kommunale gebyr mens utføring av feiing vert fakturert ekstra. Fakturering for feiing vil gjelda frå 1. januar 2025.

Forskrift om gebyr for tilsyn og feiing av fyringsanlegg i Kvam herad kan ein lesa her .

Oversikt per 2025:

  • 552 kroner for bustad/hytte/fritidsbustad med 1 pipe
  • 276 kroner for kvar ekstra pipe
  • 552 kroner for feiing

Det er ikkje meirverdiavgift på gebyr for feiing og tilsyn.

Kontakt

Dersom du har fått varsel om tilsyn og/eller feiing, og har spørsmål knytt til tidspunkt eller andre praktiske spørsmål, tek du kontakt på det telefonnummeret som står oppgitt i varselet.

Har du andre spørsmål, ta kontakt med sentralbordet til Kvam herad på telefon 56 55 30 00.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.