Kva skjer når straum- og mobilnett ikkje fungerer?

Har du tenkt over kva du gjer om straumen er vekk, og telefon og internett virkar ikkje?

Om heile kommunen er utan straum, fungerande mobilnett og internett - over tid har me kommunale beredskapsmøteplassar. 

Innbyggjarar kan møta heradet på fylgjande stader:

  • Rådhuset i Norheimsund – Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Strandebarm omsorg – Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm
  • Elkem Bjølvefossen (hovudinngangen) – Ålvikvegen 1055, 5614 Ålvik

 

Når kan du nytta dei kommunale beredskapsmøteplassane?

  • Du har behov for offisiell kriseinformasjon
  • Hjelp til å få kontakt med naudetatane

 

Lytt til radio for å få informasjon frå styresmaktene

Dersom det oppstår ei hending der både mobilnett og internett fell ut over tid, kjem NRK til å senda beredskapsmeldingar og viktig informasjon frå styresmaktene på radio.

Det er er tilrådd at alle husstandar har ein DAB-radio som går på batteri.

___________

Oppmøtestadene erstattar ikkje naudetatane, men ein kan vidareformidla kontakt. For helserelaterte saker skal du reisa til dei vanlege oppmøtestadene.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.