Kommunal beredskap

Kommunar har eit generelt og grunnleggjande ansvar for å sikre tryggleiken til innbyggjarane og dei som oppheld seg innanfor kommunens grenser.

Alle uønska hendingar som vil skje i Noreg, vil finna stad innanfor grensene til ein av landets kommunar. Kommunane utgjer derfor det lokale fundamentet i den nasjonale vernebuinga, og har saman med statlege og frivillige beredskapsorganisasjonar ei avgjerande rolle i beredskapsarbeidet.

Kommunane skal kartleggja sannsynet for at ulike uønska hendingar kan skje innanfor kommunegrensene. Vidare skal dei kartleggje konsekvensane dersom desse hendingane skulle inntreffe. Til saman utgjer dette kommunen sine risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser).

ROS-analysene dannar utgangspunkt for risikoreduserande tiltak. Det vil likevel ikkje vera mogleg å fjerna all risiko, og kommunen skal derfor vera budd på å handtera denne restrisikoen gjennom sine beredskapsplanar.

I Kvam herad er det kommunale vernebuingsansvaret delt på fleire av kommunen sine einingar og avdelingar. Nokre av kommunen sine beredskapsplanar gjeld for arbeidet i den enkelte eininga eller avdelinga. 

Kvam Kommunale Kriseleiing (KKL)

Ved større krisehendingar vil det vera aktuelt å iverksette kommunen sin overordna beredskapsplan og etablera Kvam Kommunale Kriseleiing (KKL).

KKL er sett saman av ordførar, rådmannen og rådmannen si leiargruppe. I tillegg vert den supplert med fagkunnige innan informasjon, beredskapsarbeid og anna fagkunnskap innanfor det området den uynskte hendinga gjeld.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.