Informasjon ved beredskapshendingar

Uynskte hendingar medfører stort sett alltid eit behov for informasjon. Dette behovet vert forsøkt dekt gjennom tilgjengeleg informasjon. Dersom det ikkje er tilgang til tilstrekkeleg sakleg og korrekt informasjon, kjem det derfor til å verta skapt rykte og informasjon basert på personlege opplevingar, kjensler og anna.

Kvam herad ein eigen informasjons- og kommunikasjonsplan for krisehendingar. Der målet er å:

  • Sikra intern og ekstern informasjonsflyt
  • Bidra til å skapa tryggleik og redusere unaudsynt redsle og angst
  • Redusera og avgrensa psykiske og fysiske skader og konsekvensar
  • Hindre rykte og feilinformasjon
  • Rettleia og gjeva råd til råka partar
  • Styrkja tilliten til heradet og ta vare på omdømet til heradet

 

Informasjonskanalane ved krisehendingar er i hovudsak dei same som elles:

Ved spesielle høve kan det verta sendt ut SMS-varsling eller talemelding i deler av kommunen. 

Ved lengre straumbrot og utfall av mobil- og telenett, kan det verta naudsynt å oppretta eigne kontaktpunkt der publikum kan koma i kontakt med kommunen eller helsetenesta. Desse kontaktpunkta vil i så fall verta etablert ved 

  • Elkem Bjølvefossen i Ålvik
  • Rådhuset i Norheimsund
  • Strandebarm omsorg

 

Ut over dette kan det verta gjennomført dør-til-dør-aksjonar, oppslag på informasjonstavler og informasjonsmøte på ulike stader i kommunen.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.