Ver førebudd
Dei fleste av oss er avhengige av straum i kvardagen, til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føra til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan verta vanskelegare å få tak i naudsynte varer.
Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vera budd. Med eit lite reservelager av det du treng mest - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta til å klara deg sjølv minst ei veke.
Straumbrot kan føra til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt. Eigenberedskap handlar om å vera førebudd på slike situasjonar!
Vurder risiko og sårbarheit i heimen din
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB) rår til at du tenkjer gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kunne ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenga di hjelp og korleis du kan bidra. Dersom du har utstyr du planlegg å nytta i ein naudsituasjon, ver kjend med korleis det vert nytta, og syt for at det virker.
Styrk din eigenberedskap!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmeste. I tillegg bidrar du til at myndigheitene kan prioritera dei som treng mest hjelp.
Ved å vera førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegeb vidare om krisa skulle bli langvarig.
Hugs at nokon førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Ditt eige beredskapslager
Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) tilrår til at du har ditt eige naudlager, og kan gjera dine eigne førebuingar. Les meir om dette på denne sida, som er utarbeida og drifta av DSB.
Kva er det eigentleg me bør førebu oss på? Kva er det viktigaste eg bør skaffa meg? Kva gjer eg dersom eg ikkje har råd til å skaffa meg eigenberedskapslager?