Bibliotekplan 2004-2007

Hovudmål for Kvam som kulturkommune:
 
Kvam herad skal få fram kulturtilbod som er med å skapa identitet, engasjement, kreativitet, kunnskap og arbeidsplassar som gjer det attraktivt å bu i Kvam. 
 
”Samfunnsrolla til biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk, utdanningspolitikk og ein politikk for å styrkja demokratiet. Biblioteka er viktige når det gjeld utdanning og informasjonstilgang, litteratur- og kulturformidling. Ut frå det demokratiske aspektet må målet vere å leggja til rette for at einskildmennesket kan delta aktivt i å påverka samfunnet”

Bibliotekplanen skal gje eit samla oversyn over den aktiviteten som vert dreve i dag, seie noko om framtidig drift, framtidige tenester og bibliotekstrukturen  i Kvam folkeboksamling. Bibliotekplanen frå 1991 hadde ei fyldig og god skildring av framveksten av Kvam folkeboksamling, og dette vert difor ikkje prioritert i denne planen. Bibliotekplanen skal vere eit styringsreiskap for politikarar og kommunal administrasjon for den vidare utvikling og drift av Kvam folkeboksamling.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.