Barnehagar

I Kvam er det seks kommunale barnehagar og ein privat. Visjonen til dei kommunale barnehagane er: «Me skapar gode barndomsminne og livsglede».

Barnehageloven med tilhøyrande forskrifter styrer barnehagesektoren. Kvam herad er barnehagemynde for alle barnehagane og eigar av dei kommunale barnehagane. Heradet har ansvar for å tildela offentleg tilskot til den private barnehagen.

 

Barnehage som organisasjon har vore gjennom store endringar dei siste tiåra. Det er større krav til kvalitet og det er eit tydeleg krav at barnehagane skal gje alle barn eit godt grunnlag for livsmeistring og livslang læring. Rammeplan for barnehage tek utgangspunkt i eit heilskapleg læringssyn der omsorg, leik, læring og danning er sentralt. Planen har tydeleg krav til tilsette sitt verdi- og haldningsarbeid, og gjev tydelege føringar på at innhaldet i barnehagen skal ta utgangspunkt i barna sine interesser og medverknad.

 

Leiar for barnehage er barnehageeigar og har ansvar for leiing av dei kommunale barnehagane og at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Barnehagemynde skal gje rettleiing og sikra at barnehagane vert drive i samsvar med gjeldande regelverk. I tillegg har dei ansvar for godkjenning, tilsyn, ivaretaking og rapportering av alle statlege føringar både for kommunale og private barnehagar.

 

Barnehagane er med i arbeidet knytt til oppvekstreforma, og oppvekstplanen gjer oss god retning på kva me skal ha fokus på. Våre utvalde beskyttande faktorar, Trygge vaksne, Mangfald vert sett på som ein ressurs og Høg kvalitet på opplæringa, må jobbast med over fleire år for å sikra implementering og auka kompetanse. Betre tverrfagleg innsats (BTI), fokus på tidleg innsats, “Sjå barnet innanfrå, er bl.a. satsingar me har.


Kvam herad har over fleire år hatt fokus på førebygging og tidleg innsats. Det er tilsett spesialpedagogar, i ulik stillingsstorleik, i kvar barnehage. Spesialpedagogen skal jobba med førebygging, kompetanseheving/rettleiing, inkluderingsarbeid og enkeltvedtaksarbeid. 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.