Kommunikasjonsstrategi 2017-2021

Dette dokumentet skal vera eit verktøy for tilsette i Kvam herad og andre som kommuniserer på vegne av kommunen. Strategien skal sikra eit heilskapleg kommunikasjonsarbeid og medverka til at kommunikasjon vert brukt strategisk for å nå kommunen sine mål.

Krav til kommunikasjon finn me både i grunnlova, kommunelova og fleire kommunale dokument. Kvam herad har ein språkprofil som seier at kommunen skal nytta nynorsk og klarspråk. Med klart språk kommuniserer me på mottakar sine premissar for å fremja demokrati og rettstryggleik. Når mottakar forstår bodskapen i det me skriv, skapar me tillit og sparar tid og pengar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.