Radon i Kvam

Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som finst i grunnen. Gassen kan finna vegen inn i rom som me oppheld oss i. Høge konsentrasjonar over tid kan vera helseskadeleg (over fleire år). Dei fleste radonmålingane i Kvam herad viser låge verdiar, men det er område i kommunen der det er funne radonverdier godt over grenseverdiane til Statens strålevern.

Generelt

Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som finst i grunnen. I høge konsentrasjonar over tid kan han vera helseskadeleg (over fleire år). Ved tidlegare radonmålingar i Kvam, i 1997, 2003, 2013 og fram til 2020 har mesteparten av målingar vist lågare verdi enn tilrådd verdi.

Det er gjennom strålevernforskrifta av 29. oktober 2010 sett nye krav til kva nivå som er akseptable, og det er sett tidsfrist til 1. januar 2014 for å utbetra bygg der det er registert for høge verdiar. Skular, barnehagar og andre offentlege bygg er omfatta av kravet, likeeins gjeld det utleigebustader.

For nærmare informasjon viser me til materiell som ligg ute på heimesida til Direktorat for strålevern og atomtryggleik.

Kvam herad har gjennomført måling i alle aktuelle bygg som Kvam herad eig. Det er gjort kontrollmålingar, og det er gjort tiltak for å få radonverdiane i under grenseverdiane.

Krav til private eigarar

For private bustader er det eigar sitt ansvar å gjennomføra måling.

For eigen bustad er det ikkje krav om måling, for utleigebustader gjeld kravet.

Ved utleige til Kvam herad vil det bli kravt at måling er gjennomført, og at evt. tiltak blir gjennomført innan fristen.

Kort om gjennomføring av radonmålingar

Målinga skal gjennomførast ved utsetjing av små boksar som inneheld ein sporfilm der radonkonsentrasjonen blir registert. Målesesongen er frå 15. oktober til 15. april.

Rom som grensar til grunnen er mest utsett for radon. Opne rom mellom etasjene kan vera med på å spreia radon oppover i etasjane. I ein vanleg einebustad eller husvære held det vanlegvis med to sporfilmar for å dokumentera radonnivået. Rom der ein oppheld seg ofte bør prioriterast, t.d. stove og soverom. Fleire sporfilmar kan vera aktuelt om ein vil ha betre oversikt.

Måling er best å gjennomføra i vinterhalvåret, og utsetjing bør difor gjerast mellom midten av oktober til midten av april (settast ut seinast 15. februar).

Sporfilmboksane skal stå ute i to månader og må ikkje flyttast i måleperioden. Dei skal omtrent stå i hovudhøgd, til dømes øvst på ei bokhylle eller liknande. 

Når måleperioden er over (etter to månader) skal dei sendast attende til leverandør for avlesing og rapportering.

Treng du fleire opplysingar?

Kontakt Tore Dolvik på epost: tordol@kvam.kommune.no eller på tlf: 56 55 30 76 

Tore Dolvik
Rådgjevar - kommunegeolog
E-post
Telefon 48 05 85 00
Mobil 48 05 85 00

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.