Kvam vilttelefon

Vilttelefonen har ettersøk av skadd vilt under jakt, påkøyrsler og fallvilt. De skal ringja vilttelefonen om de ikkje har funne skadeskote dyr innan éin time. 

Ved skadeskyting under jakt på hjort

Om jeger eller jaktlaget ikkje finn dyret sjølv innan ein time, skal de ringja Kvam vilttelefon på 951 63 075. De kan audsynt ta kontakt på eit tidlegare tidspunkt. 

Vaktnummeret kan ringjast til heile døgeret. Det kostar ikkje jegeren eller jaktlaget noko ekstra når valdet har avtale om ettersøk for løyva i valdet.

Det er viktig å ta kontakt med vilttelefonen tidleg når spora er ferske, og utan at det har vore mykje aktivitet i terrenget som øydelegg spora. Vilttelefonen har føre personopplysingar konfidensielt. Personar vert ikkje omtala i opprit eller liknande.

Merke til vilttelefonen - Klikk for stort bileteKvam vilttelefon
Kvam vilttelefon

Tlf. 951 63 075

Dagleg leiar er Dag Gjerde

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.