For elevar og føresetteGodt samarbeid og god kommunikasjon mellom elev, lærar, føresette og skule er viktig for at ein skal få det maksimale ut av kultursuleplassen sin. Kva kan elevar og føresette vente?Som elev i Kulturskulen skal du få: møte dyktige lærarar med høg kompetanse, som skapar tryggleik, rettleier, inspirerar og skapar eit godt læringsmiljø. kjenna deg velkommen og bli sett i timen. verta respektert og verdsett uansett nivå eller føresetnad, og få tilpassa opplæring, samtidig som du vert utfordra. kjenna meistring, trivnad og glede møta tverrfaglege prosjekt og vera med i samspel med andre høve til å opptre / vise fram det du har arbeidd med i trygge omgivnader. Kva ventar me av elevar og føresette?Som tilsett i kulturskulen ynskjer ein at elevane (evt. med hjelp frå føresette): møter presis til time melder frå i god tid dersom ein ikkje kan møte passar på å ta med notar og anna utstyr som trengs til undervisninga viser respekt for lærar og evt. medelevar, og bidreg til å lage eit godt miljø gir lærar beskjed om forhold vedkommande bør kjenne til for å gje eleven best mogeleg undervisning. Supertips til føresetteHer kjem nokre tips til korleis du kan hjelpe barnet / ungdommen din heime: Vis interesse! "Kva har du gjort på timen i dag?" Spør om å få høyre / sjå kva eleven arbeider med. Legg til rette slik at eleven kan øve seg heime. Lag gode øvingsrutiner. (kanskje er det at du les avisa medan barnet øver, kanskje er det er å gå ut av rommet. Finn ut kva som passar ditt barn / ungdom) Gå på konsertar / framsyningar / utstillingar om de har sjansen. Både når barnet / ungdommen din deltek, men også andre gonger. Adminstrasjonsprogrammet me brukar heiter Speedadmin. Det er i dette programmet elevar vert registrert i det dei melder seg inn i kulturskulen. Som føresett og elev kan ein også logge seg inn i dette programmet for å sjekke timeplan, evt. undervisningsfri, finne kontaktinformasjon til lærar eller melde frå dersom eleven ikkje kjem til undervisning.Etterkvart ynskjer me også å ta Speedadmin meir og meir i bruk som kommunikasjon kring heimearbeid. Altså at notar, tekstar og anna vert sendt via Speedadmin. Du loggar inn i Speedadmin enten via lenkja her eller ved å gå til www.speedadmin.dkVel så Kvam kulturskuleDu kan enten Logge inn via ID-portenBrukarnamn har alle registrerte elevar og føresette fått. (Har du gløymt det, sjå under)Passord: Har du gløymt brukarnamn og / eller passord, trykker du på "Glemt passord". Og du vil få e-post med brukarnamnet ditt + retteleiing om korleis du lagar deg eit nytt passord. Publisert av Arngunn Timenes Bell Sist endra 30.09.2025 12:01