Idrettsrådet

Idrettsrådet er organisert i Norges idrettsforbund (NIF) gjennom idrettskretsen, og rådet skal vera eit fellesorgan for idrettslaga i kommunen. 

Her finn du kontaktinformasjon til Kvam idrettsråd ( Brønnøysundregistrene) 

Idrettslag med medlemskap i NIF vert automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune.

Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølgje NIF sitt lovverk ha eit idrettsråd.

Idrettsrådet skal arbeide til beste for best idretten i sin kommunen. Idrettsrådet skal vera ein arena for samarbeid mellom laga, og dei kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskretsen.

Døme på oppgåver for idrettsrådet er å formidla idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheiter, og å fordela Lokale aktivitetsmidler (LAM).

Det er laga ein samarbeidsavtale mellom Kvam herad og Kvam idrettsråd: Samarbeidsavtale med Kvam Idrettsråd (PDF, 34 kB)

Kontaktinfo finn du på Norges idrettsforbund sine nettsider.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.