Idrettslag I Kvam er det idrettstilbod i alle områder av kommunen. Det finnes tilbod om både lag- og individuelle idrettar, vinter- og sommaraktivitetar, samt innandørs- og utandørsidrettar. Idrettstilbodet er best tilrettelagt for barn og ungdom, men og vaksne finn varierte idrettstilbod om dei ønskjer. Det er registert 27 idrettslag i kommunen. Idretten i Kvam er i stort bygd opp omkring breiddeidretten. Gjennom gode idrettsanlegg, engasjerte trenarar, leiarar, foreldre og iherdige utøvarar er det og mogleg og utvikla gode toppidrettsutøvarar. Oversikt over idrettslag: Framnes IL Hardanger Bordtennisklubb Hardanger Golfklubb Hardanger Kajakk-Klubb Hardanger Seglklubb Hardanger Skøyteklubb Hardanger Sportsskyttarklubb Hardanger Sykkelklubb Kvam Alpinklubb Kvam Basketklubb Kvam Bogeskyttarklubb Kvam Bowlingklubb Kvam Gym og Trampettklubb Kvam Handballklubb Kvam Karateklubb Kvam Klatreklubb Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb Kvam Pistolklubb Norheimsund Fotballklubb Rossvoll Volleyballklubb Strandebarm Idrettslag Tørvikbygd Idrettslag Vikøy IK Ålvik Idrettslag Øystese Fotballklubb Øystese Idrettslag Øystese Ride- og køyreklubb Publisert 08.01.2018 11:57