Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Øystese idrettshall

Øystese idrettshall ligg i sentrum av Øystese. Utandørs kunstgrasbane.ligg òg like ved hallen. Hallen er mellom anna tilrettelagd for handball, basketball, volleyball og badminton. I hallen finn du òg ein klatrevegg med fleire ruter i ulik vanskegrad (sal 3).

Utleige

Kvam ungdomsskule og Øystese skule disponerer hallen på dagtid i vekedagane fram til kl. 16.00.  Ynske om å leiga på dagtid må avklarast direkte med skulane.

Ting hallen i Aktiv kommune

All tinging av hallen på kveldstid og helg må gå gjennom Aktiv kommune. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.