Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Aktivitetstilbod

Kva tilbyr me?   

Kan-skje kafé: 

Kan-skje kafé er ein kafé drifta av ROP -avdelinga saman med brukarar. Opningstida er onsdag til fredag frå kl. 11-15. Dette er ein lågterskelkafé der alle er velkomne for å slå av ein god prat. Me tilbyr ein enkel lunsjmeny. Det er mogeleg å tinga lunsjlevering om ønskjeleg.  

Vi held til i sentrum, Sandvenvegen 28, med gåavstand frå busshaldeplassen vis a vis biblioteket. 

Kafé påfyll:  

Kafé påfyll er ein temakafé som held til i Kan-skje kafé sine lokale annankvar måndag. Det vert halde eit innlegg om dagens tema, god lunsj (mot ein lav sum), og prat rundt dette etterpå. 

Kafeen er etablert etter initiativ frå avdeling Rus og Psykisk helse, i samarbeid med organisasjonen Mental helse Kvam og frivillige. Her treng ein ikke kontakta nokon i ROP for å koma. 

Kom som du er, til kafeen med den gode samtalen. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Slik søkjer du

Leiar for avdeling rus og psykisk helse tildeler plass.

Leiar avdeling rus og psykisk helse

Tove Pedersen
Adresse:
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 950 42 898
E-post: tovped@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.