Fysioterapi for born og unge

Kva tilbyr me?

Barnefysioterapeutane gjev tilbod om førebyggjande og kurative tenester for born 0–19 år. Tenesta er ein del av helsestasjon og skulehelsetenesta. Born med motoriske og psykosomatiske vanskar kan få tilbod her. Målet er at born kan få oppleva meistring i aktivitetar og få gode kroppsopplevingar. 

Tenesta vert gjeven i heimen, skulen, barnehagen, helsestasjonen eller barnefysioterapikontoret. Mest mogleg av arbeidet skjer i det naturlege miljøet til barnet. Ergo- og fysioterapeutane arbeider etter felles prioriteringar. Barnefysioterapeutane deltek i tverrfagleg samarbeid.

Barnefysioterapeutane gjev tilbod om:

  • undersøking og testing
  • behandling, rettleiing og oppfølging
  • tilrettelegging for aktivitet og sosial deltaking
  • hjelp til å søkja hjelpemiddel, tilpassa og gje opplæring i bruk av desse. 
  • førebyggjande oppgaver: helsestasjonsgruppe for foreldre med born ( ca. 4 månader ), føredrag og prosjektarbeid mm.
  • rettleiing av pårørande

Kontakt

Fysioterapeut: Torild Kveberg, spesialist i helse, miljø - ergonomi. MNFF, vidareutdanning i barnefysioterapi. Leiar for ergo- og fysioterapitenesta.

Fysioterapeut: Jannike Tvedterås Fagervik, spesialfysioterapeut i barnefysioterapi.

Kva kostar det?

Tenester i helsestasjonen og i skulehelsetenesta er gratis. Undersøking og behandling for born under 16 år er også gratis.

Slik søkjer du

Føresette og fagpersonar kan tilvisa til fysioterapi. Ved tilvising til fysioterapi skal du nytta tilvisingsskjemaet.

Tilvising til kommunal fysioterapi for born og unge (PDF, 255 kB)

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.

Fysioterapi for born

Adresse:
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Fysioterapeut:
Torild Kveberg
Telefon: 901 76 166
Epost: tokv@kvam.kommune.no

Fysioterapeut:
Jannike Tvedterås Fagervik
Telefon: 481 03 065
Epost: jatv@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.