Søkja om trygdebustad, omsorgsbustad eller omsorg+Framgangsmåte og søknadsskjema for å søkja trygdebustad, omsorgsbustad eller omsorg+.Meir om trygdebustaderMeir om omsorgsbustaderMeir om omsorg+ Slik søkjer duKvam herad har felles elektronisk søknadsskjema for trygdebustad, omsorgsbustad og omsorg+. Til søknadsskjemaLøysinga krev at du skriv deg inn med BankID. Søkja på papirDet er òg råd å søkja med papirskjema (PDF, 190 kB). Du kan skriva ut skjemaet eller henta i resepsjonen på Kvam rådhus. Fyller du ut eit papirskjema, sender du det til fellessekretariatet på rådhuset.Kvam heradGrovagjelet 165600 Norheimsund. Dette må du leggja ved søknadenDersom du søkjer på vegner av andre, lyt du leggja ved fullmaktsskjema.SkattemeldingLønslippar eller utbetalinga frå Nav for dei to siste månadeneDokumentasjon på sosiale eller helsemessige tilhøve som kan verka inn på søknaden. Ved søknad om omsorgsbustad skal du leggja ved legeopplysingar av nyare dato.KlageDersom du får avslag på søknaden din, grunngjev me dette i svaret. I brevet får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.Spørsmål eller rettleiing?Har du spørsmål eller treng rettleiing kan du kontakta Tenestekontoret. Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 21.02.2025 08:46