Dagaktivitetstilbod- for heimebuande personar med demensFor å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan Kvam herad tilby dagsenterplass på Øysteseheimen, Strandebarm omsorg og Ålvik omsorg. Kva tilbyr me?Dagaktivitetstilbodet skal bidra til å ivareta den einskilde deltakar sine funksjonar i dagleglivet, fremja livskvalitet og førebyggja isolasjon og einsemd. Tilbodet kan også innebere avlastning for pårørande. På dagsenteretet:Legg ein vekt på den gode samtalenTilbyr enkel fysisk treningGir tilbod om frukt/saft, middag og kaffi. Hjelp i måltidssituasjonar, ulike diettar etter behov og tilrettelagt matHjelp til medikamentutdelingFormidlar hjelpemidlar Kvam herad har dagsenterplass i Ålvik, Øystese og Strandebarm som er tilrettelagde for deg som bur heime og har demens. Du kan få tilbod om dagsenter 1–5 dagar per veke.Sjå blå boks til høgre for opningstider på dei ulike dagsentra. Dei er stengd laurdagar, helge- og høgtidsdagar.Du kan få tilbod om transport til og frå dagsenteret ved behov. Utgifter til transport er inkludert i prisen.Kven kan få tilbodet?Heimebuande personar med demens som treng eit tilbod i eit miljø som er prega av tryggleik og trivselDeg som har pårørande som treng avlastningPersonar med redusert korttidsminne som kan ha behov for deltaking i sosialt fellesskap og tilpassa aktivitetarKva kostar det?Sjå prislista. Vert innkrevd som månadsvis abonnementsordning. Dette er statleg sats for tenesta.Dersom du som brukar ikkje nyttar deg av dagplassen din ein dag, må melda i frå så raskt som mogleg til dagsenteret eller gruppeleiar. Dei må avtinga drosje.Slik søkjer duSøknadsskjemaMeir om søknaden her.Lovar og reglarPasient og brukarrettighetslova § 2-1 aHelse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr 6 cForvaltningslovaKlageFor meir informasjon sjå her. Publisert 06.12.2017 14:25