Kven kan få BPA?
Du må:
- vera under 67 år
- er du over 67 år, må du ha fått innvilga BPA før du fylte 67 år
- ha eit langvarig og omfattande behov for personleg assistanse på minst 32 timar i veka. I særlege tilfelle kan trongen vurderast ned til 25 timar i veka.
- BPA kan også innvilgast som avlastingstiltak dersom du er føresett til barn med nedsett funksjonsevne
- Har du hjelpebehov under 25 timar per veke kan du ikkje krevja BPA, men heradet kan likevel vurdera om det er det beste for deg å få tenesta organisert som BPA
BPA kan verta gjeven som eit alternativ til ordinære tenester som heimehjelp, støttekontakt, avlasting for familiar med born og liknande, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3–2 fyrste ledd nr. 6 og 3–8.
Merk: retten til BPA gjeld ikkje for helsetenester eller situasjonar der det er behov for to eller fleire assistentar til stades eller nattenester, med mindre det er eit kontinuerleg behov for slike tenester.
Sakførehaving
Du må søkja om ordninga. Kommunen har det overordna forvaltaransvaret for BPA. Etter at søknaden er motteken, tek kommunen kontakt med deg for å henta inn naudsynte opplysingar.
Kva behov du har, vert mellom anna kartlagt og vurdert etter ein samtale eller heimebesøk. Det kan også vera aktuelt å henta inn dokumentasjon frå lege eller helsepersonell.
I etterkant vert det fatta eit einskildvedtak med grunngjeving for kvifor søknaden er innvilga eller avslått. Du kan klaga på vedtaket om du er usamd.
Søknad
Søknadsskjema
Meir om søknaden her
Kven leverer BPA tenester?
Du kan i hovudsak avgjera sjølv kven du ynskjer som assistent, men om du og heradet er usamde, er det heradet som tek den endelege avgjerda.
Kvam herad som tenesteytar har rammeavtalar med 14 ulike leverandørar av BPA-tenester som kommunen tilrår at vert nytta. Det er leverandøren for tenesta brukaren vel som vil ha arbeidsgjevaransvaret for assistenten/assistentane. I særskilde fall kan kommunen òg velje å ha arbeidsgjevaransvaret for assistentane sjølv.
Verksemdene skal yta BPA tenesta på vegner av oppdragsgjevar (Kvam herad) og i tråd med tildelt vedtak om personleg assistanse organisert som BPA, jf. helse og omsorgstenestelova § 3-1.
Kvam herad har avtale med desse verksemdene for BPA-ordning 06.06.2022–05.06.2027:
- Abcent
- Aberia
- Assent
- Brageva
- Ecura*
- AssisterMeg AS
- Hav
- HumanCare
- Jag
- Medvind Assistanse
- Prima Assistanse
- Stendi
- Uloba
- MIO
*Ecura skal kløyvast i to nye selskap Ecura hjemmetjenester og BPA AS som vert del av Ecura-konsernet.
For å syta for at kvalitetskrav til forsvarleg organisering av tenestetilbodet er følgt, må leverandør passa på at det er naudsynt profesjonell distanse mellom brukar og assistent. Du kan difor i utgangspunktet ikkje tilsetja familiemedlemmar eller andre som står deg nær. Grunnen er at tilsetjing av nærståande (t.d. ektefelle ,foreldre, sysken, barn) kan føre til uklare roller.
Kommunen som tenesteytar kan setja som krav at nærståande som den klare hovudregel ikkje skal tilsetjast som assistentar. Kvam herad har difor i rammeavtale med leverandørane stilt som krav at nærståande ikkje skal tilsetjast som assistentar. Det kan gjerast unntak frå kravet i tilfelle der det er aktuelt å nytta nærståande som tilkallingsvikar, til dømes ved sjukdom hjå assistent.
Grunnen til dette er at det kan oppstå uheldige interessekonfliktar når du skal vera leiar for nokon som du har nære band til. Vidare kan det å bruka nærståande, føra til uklare roller og gå på kostnad av brukarstyringa.
Bruk av nærståande som assistent vanskeleggjer òg høve arbeidsgjevar har til å nytta assistenten til andre oppgåver i verksemda dersom bistandsbehov til brukaren fell bort i ein periode, som til dømes ved ei sjukehusinnlegging.
For tilfella der det er ynskeleg og tenleg at pårørande yter dagleg bistand til brukaren, er omsorgslønn i flestalle tilfelle ei meir tenleg løysing enn BPA, jf. Helse- og omsorgsdepartementet i rundskriv I-9/2015 Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) punkt 3.4 andre avsnitt og I-20/2000 Brukerstyrt personlig assistanse punkt 4 siste avsnitt.
Kva kostar BPA-tenesta?
Du betaler for BPA gjennom satsane for heimetenester. Sjå kommunale satsar.
Lover og reglar
Meir informasjon om retten til BPA finn du i:
Klage
Meir om klage her..