Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Her finn du informasjon om vaksine om influensavirus, koronavirus og sesonginfluensa

Illustrasjonsbilde av vaksinering med kvam herad grafikk - Klikk for stort bilete

 

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til innbyggarane om vaksine mot influensa, koronavirus og pneumokokksjukdom. For vaksinasjon mot influensa og koronavirus, omfattar programmet alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. I tillegg får 65-åringar (fødd i 1960) tilbod om pneumokokkvaksine i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Målet med vaksinasjonsprogram er å førebygga sjukdom og dødsfall.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er nytt frå hausten 2025. Det omfattar dei aller fleste som til vanleg tek influensavaksine og koronavaksine. Nytt i programmet er at årskull med 65-åringar skal tilbydast vaksine mot pneumokokksjukdom. Vaksiner vert levert til kommunen i løpet av veke 42, og er tilgjengeleg i veke 43. 

Les meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet 2025 her.

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.