Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er ei lovpålagt oppgåve heimla i Folkehelselova, kapittel 3.

Miljøretta helsevern omfattar dei faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Desse omfattar mellom anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar

Miljøretta helsevern (MHV) er fleire ting:

  • utøving av mynde
  • tilsyn og godkjenning
  • råd- og rettleiingsteneste
  • samt å bidra til at helseomsyn vert følgt opp i areal- og samfunnsplanlegginga

MHV omfattar:

  • Vassforsyning
  • Avløpsvatn, vassureining
  • Avfall og renovasjon
  • Vektorkontroll
  • Ureining av grunn
  • Næringsmiddelhygiene- mat
  • Luftureining
  • Stråling (radon, solarium) og elektromagnetiske felt
  • Støy
  • Helsetilhøve ved bustader, offentlege bygg og institusjonar (barnehage, skule, frisør/solarium/ hudpleie mm, overnattings- og serveringsstader, institusjonar)
  • Helseaspekt i planlegging
  • Helse i samband med transport
  • Ulykkesførebygging, inkludert beredskap for transport ulykker
  • Offentleg rekreasjon og turisme (campingplassar, svømmebasseng, friluftsbad.)
  • Sanitære tiltak ved epidemiar, katastrofar og liknande
  • Omgjevnadshygiene generelt
  • Sosiale miljøfaktorar
  • Ernæring

Miljøretta helsevern skal vera eit sikkerheitsnett der anna lovverk ikkje regulerer eller anna myndigheit ikkje har heimel.

Her kan du lesa meir om Miljøretta helsevern:

Gudmund Øvsthus
Lege
E-post
Telefon 47 69 46 21
Mobil 47 69 46 21

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.