OmsorgsbustadOmsorgsbustader er tilrettelagte bustader med livsløpsstandard. Bebuarar i omsorgsbustad kan søkje om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov. Kven kan få omsorgsbustad?Du har ein type funksjonssvikt som har behov for pleie- og omsorgstenester. Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam. Tilrettelegging av noverande bustad kjem ikkje til å gje tilfredsstillande livskvalitet. Dersom du tidlegare har takka nei til tilbod om omsorgsbustad utan sakleg grunngjeving og det ikkje er endringar i siutasjonen til søkjar, kan søknad om tildeling av bustad bli avslått. Standard og stad blir ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale grunnar tilseie noko anna.PrisDu inngår husleigekontrakt og betaler husleige for bustaden.Utgifter til måltider, alarm og tenester i bustaden kjem i tillegg til husleiga.Lover og retningslinjerOmsorgsbustader er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.Forvaltningsloven - fvl - Lovdata ProHusleieloven - husll - Lovdata Pro Ved leige av omsorgsbustad i Kvam heradLeigeforhold og tenester: Regelverk knytt til leige av omsorgsbustad er omtala i husleigekontrakt. Tenestetildeling vert gjort på bakgrunn av individuell vurdering av hjelpebehov. Dette vert konkretisert i individuelle enkeltvedtak. Tenester Leige av bustad: Inkludert i husleiga er leige og kommunale avgifter. Sjå elles husleigekontrakt. Innbu er dekka med inntil 50 000,- i kommunal innbuforsikring. Dersom ein har store verdiar vert det anbefalt å teikna eigen innbuforsikring. Heimesjukepleie: Etter søknad og individuell vurdering av hjelpebehov kan heimesjukepleie innvilgast. Tenesta har fritak for eigenbetaling. Reingjering av bustaden: Etter søknad og individuell vurdering av hjelpebehov kan hjelp til reinhald/praktisk bistand innvilgast. Det er fastsett kommunal betalingssats for heimehjelp/praktisk bistand. Når leigetilhøvet vert avslutta er det leigetakar eller pårørande som har ansvar for utflytting og nedvask av bustad, jmf. husleigekontrakt. Tryggleiksalarmar: Det kan søkjast om abonnement på tryggleiksalarm. Ved behov vert søknad innvilga og alarm montert etter enkeltvedtak. Det er eigenbetaling på tenesta. Fastlege: Alle som leiger omsorgsbustad skal nytta sin fastlege slik som før innflytting i bustaden. På bakgrunn av søknad kan det innvilgast hjelp med oppfylging av legekontakt og hjelp til administrering av medisinar. Medisinane vert betalt av den enkelte. Tannhelseteneste: Kvam herad har avtale med den offentlege tannhelsetenesta om tannlegebehandling. Tilbodet gjeld personar med vedtak om heimesjukepleie og som har motteke slik teneste i 3 månader eller meir. Denne tannhelsetenesta er gratis. Du kan få søknad og samtykkeskjema hos gruppeleiar. Utstyr og innkjøp Klevask: Alle må ha eigen vaskemaskin og tørketrommel/tørkestativ i dei bustadane der det er plass til dette. Omsorgsbustadane i Strandebarm, Hatlevegen i Norheimsund og Utsikten i Øystese har felles vaskerom. Alle skal sjølv halda seg med vaskemiddel. På bakgrunn av søknad kan det innvilgast hjelp til vask og stell av kle. Dersom pleie og omsorgstenesta skal ha ansvar for vask av kle, har brukar/pårørande ansvar for merking av tøy. Hjelp til klevask går inn i tenesta praktisk bistand som medfører eigenbetaling. Mat: Bebuar kan bestilla mat. Ein får då måltid tilrettelagt i fellesareal, eller i enkelte høve i eige husvære etter behov og vedtak. Bestilling, tillaging og servering vert utført av personalet i bustaden, og skjer i samråd med brukar. Tenesta utløyser eigenbetaling. Andre varer: Andre varer som ein treng i det daglege skaffar den enkelte sjølv. Dette gjeld til dømes lyspærer i vanlege lamper. Inventar: Leigetakar skaffar sjølv inventar som bord, stolar, seng, gardiner, handkle og sengetøy. TV-NRK lisens: Fjernsyn må skaffast privat. Dei fleste bustadane får tilbod om RiksTV som Kvam herad har avtale med. Som elles for private fjernsyn må alle betala den årlege NRK-avgifta sjølv. Behov for sår og bandasjemateriell. Legekontora tilbyr utstyr i tråd med aktuell behandling. Det er eigenbetaling for dette. Dersom ein har behov for og har fått innvilga heimesjukepleie til behandling av sår, er aktuelt utstyr gratis. Utstyr og forbruksartiklar som personalet nyttar i sitt arbeide vert dekka av kommunen Slik søkjer duSøknadsskjema for omsorgsbustadFor meir informasjon om søknad følg denne lenka. Skjema ved oppseiing av bustadSkjema til bruk ved oppseiing av kommunal bustad. (PDF, 73 kB) Publisert 01.02.2018 13:14